DALE FEKK MÅLSport

Vegard skaffa Dale poeng

Med skåring på overtid sikra Vegard Birkeland Johansen Dale sitt fyrste poeng for sesongen.

AV Ørjan Brattetveit
Publisert

– Det var herleg endeleg å ta poeng. Og det var fortent. Me har spela fleire gode kampar no, og hadde fortent poeng i fleire av desse, sett bort ifrå kampen mot Voss, seier Dale-trenar Sondre Larsen Bjordal.

Og Vegard Birkeland Johansen fiksa poenget mot Sædalen/Kringlebotn med ei flott skåring under kampen fredag.

– Vegard tok ballen på 17–18 meter og sende i veg eit godt skot nede i hjørnet.

Ved pause var stillinga 0–0.

– Me var best dei fyrste 30 minutta av kampen, men klarte ikkje å skåra. Og tidleg i 2. omgang skåra heimelaget. Etter det var me litt betre enn dei, men det var ingen god kamp. Det var ein skikkeleg kontringskamp frå begge lag.

Med poeng på kontoen håpar trenaren det skal vera mogleg å halda plassen i 5. divisjon.

– Det vert tøft. Men det er ikkje umogleg. Får me med oss godt med poeng i dei to siste vårkampane, er det håp for ein spennande haust, seier trenaren.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.