FBK VOSSSport

Tapte på bortebane

– Sjølv om me tapte 4-1 i dag, så kunne me fint fått med poeng om marginane hadde gått vår veg, seier lagleiar Bjarte S. Olsen.

AV Siri Flatlandsmo
Publisert
Oppdatert:

Før kampen låg Norhordland ballklubb på 10. plass på tabellen, med 8 poeng. Voss låg på 11. plass, òg med 8 poeng.

Det var duka for eit spennande oppgjer i 4. divisjon, avdeling 2.

Spelte offensivt

Kampen byrja jamt utan dei store sjansane. Så får Nordhordland straffe etter 21 minutt, og skårar sitt fyrste mål.

– Utover i omgangen er me best og kjem til fleire store sjansar, men får ikkje ballen i mål, seier lagleiaren. 

Etter 57 minutt får Nordhordland straffe igjen, Magne Himle vert utvist på grunn av hands. Straffa vert sett i mål.

– Med ti mann klarer me å pressa Nordhordland.

Men dei slit med å avslutta. Voss køyrer offensivt og tek med fleire spelarar i angrep. Det straffar seg: Nordhordland kontrar inn to mål mot slutten. 

To minutt før kampslutt får Voss straffe som Adrian Lindstad skårar på.

– Kan verta ein vanskeleg haust

No er Voss halvvegs i sesongen og ligg på nedrykksplass med 8 poeng.

– Me er nøydde til å ta fleire poeng på hausten det me har gjort til no. No må me fortsetja å jobba, seier Olsen.

 Neste sjanse til poeng kjem mot Nest-Sotra 2.

– Utan poeng der kan det verta ein veldig vanskeleg haust.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.