Bergen-Voss:

Stemning i Skjervet

Det var ikkje riktig så mange tilskodarar i Skjervet under sykkelrittet Bergen–Voss som på ei klatreetappe i Tour de France, men stemninga var det ikkje noko å seia på.

AV Bjørn Sandnes
Publisert
Oppdatert:

Eit hundretals menneske hadde funne vegen til Skjervet for å sjå sykkelrittet Bergen–Voss i det fantastiske sommarvêret. Mange av dei var nok glade for at dei slapp å sykla opp bakkane i den sterke varmen.

Arrangøren hadde i år lagt inn ein eigen konkurranse der den som sykla fortast frå botn til toppen av Skjervet vart premiert.

Det var Sverre Lunde Pedersen, Ørjan Vika frå Fana IL og Beathe Tveita som gjekk av med sigeren opp Skjervet. OL-meisteren på skeiser sette ny strava-rekord opp Skjervet med 5.52. Tveita fekk tida 7.38.

Speaker

Det var eiga speakerteneste i Skjervet, der speaker Erik Hanøy gjorde sitt til for å få opp stemninga og eggja syklistane.

– Eg er her like mykje for syklistane som for publikum. I denne varmen er det viktig at dei får oppmuntring, og når dei passerer meg er det ikkje langt igjen til toppen, seier Erik Hanøy

Stemning

Publikum kosa seg godt i varmen.

– Me er ein gjeng frå Bordalen Ungdomslag som er her for å gjera dugnad. Det er andre året me er her, og både born og vaksne prøver å laga god stemning og heia på syklistane, seier Asgeir Rognebakke til Hordaland.

Dei hadde med seg både ballongar og artige hjelmar.

Svein Henning Soldal og Elin Helgaset hadde kanskje det flottaste utkikspunktet på ein svær kampestein ved sida av vegen. Der hadde dei full oversikt over heile Skjervet.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.