SOLIDSport

Solid innsats på Bislett Games

Marcus Thomsen slo fjorårets bronsevinnar i VM, og var mellom dei åtte beste på Bislett Games. Marius Bull Hjeltnes opplevde karrierens høgdepunkt med pers.

AV Ørjan Brattetveit
Publisert
Oppdatert:

– Det gjorde godt med ein opptur no, seier Marcus Thomsen, som leverte 19.41 som beste resultatet under Diamond 
League-stemnet.

Vossingen imponerte framfor fullsette tribunar på Bislett.

– Ein får det ikkje betre enn fullsette Bislett-tribunar og stor stemning. Eg gjekk berre rundt og kosa meg, såg på publikum og prøvde å fokusera på oppgåvene mine, seier 20-åringen. 

Tøff konkurranse

Tjalve-utøvaren opna kulekonkurransen med 18.87. I andre omgang stemte det betre for fjorårets junioreuropameister. No fekk han opp 19.41, 20 centimeter bak utendørspersen, før det vart 18.91 i tredje omgangen. 

Vossingen låg som nummer åtte etter tre omgangar og kvalifiserte seg til dei tre siste omgangane.

– Før konkurransen var målet mitt å vera mellom dei som fekk vera med på alle seks omgangane. På papiret skulle ikkje det vera mogleg, men på tre omgangar kan alt skje, seier Thomsen.

Bislett-rekord

Han slo bronsevinnaren frå VM i fjor, Stipe Žunic frå Kroatia. Og nådde dermed målet.

I dei siste rundane presterte 20-åringen 19.29, så 18.90, før det vart 19.07 i siste omgangen. Thomsen enda dermed på 8. plass. Og han viste framgang samanlikna med det han har prestert i forkant av stemnet. 

Fjorårets verdsmeister Tom Walsh frå New Zealand fekk opp 22.29 i siste forsøket, sette med det stemnerekord og gjekk forbi den amerikanske OL-meisteren Ryan Crouser på 22.21. Tredjeplassen gjekk til Darrell Hill, USA på 21.20.

– Det var kjekt å konkurrera saman med dei beste utøvarane i verda. Og dei heia på meg, oppmoda meg og pusha meg. Det var artig, seier Thomsen.

Han håpar å nå same nivået som desse innan fem år.

– Det gjeld ikkje å stressa, trena godt og vera skadefri. Då kan eg nå opp i toppen.

Saken fortsetter under annonsen.

EM-kravet

I august går EM av stabelen i Berlin. Kravet i kule er 19.90. 

– Eg skal klara 19.90 i løpet av sesongen, men eg trur ikkje eg når slike lengder tidsnok til å koma til EM, seier Thomsen. I mars sette han personleg rekord med 19.61. Sidan har det gått litt tungt fram til torsdagens Bislett Games.

– Eg har vore litt sjuk, og var litt ute av form. No er ting på rett veg igjen, seier Thomsen.

Høgdepunkt for Marius

– Dette er det største eg har opplevd. For ei stemning! seier Marius Bull Hjeltnes.

SETTE PERS

Lengdekonkurransen var ikkje med i sjølve Diamond League, men Marius Bull Hjeltnes frå Ulvik gledde seg stort over å få delta på Bislett Games. 

– Då me starta lengekonkurransen, var det ikkje så mange på tribunen. Men utover i konkurransen vart det fullt. Og det var herleg å høyra Bislett-brølet. 

Sette pers

Han sette ny personleg rekord i konkurransen med 7.15 og enda på 5. plass. 

– Eg hadde eit hopp på 7.19, men som ikkje vart godkjent som pers. Eg hadde eit hopp som med god planke ville vore 7.40. Det viser at eg har mykje inne, og at eg har utfordringar å ta tak i på det tekniske. Eg får ta steget framover litt etter litt. 

Danske Benjamin Gabrielsen vann med 7.87. Og Sebastian Pedersen ordna dobbelt dansk med 7.52. Ingar Kiplesund vart beste norske på 3. plass med 7.42. 

– Eg har nivået i meg til at eg snart skal kunna kjempa med Ingar. Og då kan det verta spennande i NM. Eg håpar berre eg endeleg skal få trena godt framover, seier Marius Bull Hjeltnes. 

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.