GOD STARTSport

Opprykk for Voss

Fbk Voss har langt på veg sikra opprykket etter ein sterk 1. omgang. Voss vann 5-1.

AV Ørjan Brattetveit
Publisert
Oppdatert:

Fbk Voss har teke styringa i 5. divisjonskampen mot Varegg  på Olabanen.. Med siger i kveld vert det opprykk for heimelaget. Ved pause leiar Voss 4-0.

Vebjørn Eide sende Voss opp i 1-0 etter at Skage Storheim  skaut frå langt hald. Eide sette returen i mål 12 minutt ut i kampen.

Ny frisparkperle

Skage Storheim auka sjølv til 2-0 etter 19 minutt. Målet kom etter godt forarbeid av Martin Bidne og Olav Skjeldal.

Martin Bidne auka til 3-0 vel halvtimen ut i kampen.

 Jan Ruben Sleen skåra eit herleg frisparkmål sist helg. Etter 36 minutt leverte han ny frisparkperle frå 25 meter. 

Stillinga ved pause er 4-0.

2’ omgang er i gang. 5-0 Jan Ruben Sleen på straffe etter 50 minutt

Tabellen ser du her.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.