Marcus og Marius på Bislett Games

Vossingen Marcus Thomsen og Marius Bull Hjeltnes frå Ulvik er begge med under Bislett Games i dag.

AV Ørjan Brattetveit
Publisert

Den store årlege friidrettsfesten i Noreg; Bislett Games går av stabelen torsdag 7. juni. Og to lokale utøvarar er med.

Marcus Thomsen, Tjalve, er med i sjølve Diamond league-stemnet for kule, medan Marius Bull Hjeltnes, Tjalve, deltek i lengde, som ikkje er med i Diamond league.

OL- og VM-vinnarar

I kulekonkurransen får verkeleg Marcus Thomsen smaka på nivået i verdseliten. Han møter både OL- og VM-vinnarar. Thomsen har årsbeste på 19.61, og dei åtte andre utøvarane har årsbeste på godt over 20. Beste årsbeste har Tomas Walsh frå New Zealand med 22.67. Han vann VM-gull sist sesong. Like bak fylgjer OL-vinnaren frå 2016 Ryan Crouser frå USA med 22.53.

Dei andre utøvarane er Darrell Hill, USA (21.40 som årsbeste), VM-vinnaren i 2015 Joe Kovacs, USA (20.73), Tomas Stanèk, Tsjekkia (20.71), dobbeltverdsmeisteren David Storl, Tyskland (21.53), Ryan Whiting, USA (20.99) og Stipe Zunic, Kroatia (20.69).

Noreg og Danmark

Marius Bull Hjeltnes møter dei beste i Noreg og to danske utøvarar. Bull Hjeltnes er tilbake etter mykje skadeproblem, og sette nyleg pers på 7.02.

Bislett Games vert sendt på NRK TV.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.