MENTORSport

Får mediesjef som mentor

Anne Cathrine Enstad frå Voss får Gro Eide som mentor.

AV Ørjan Brattetveit
Publisert

– Eg er heldig å ha fått ei så aktiv dame som min mentor, Gro Eide. Ho har masse erfaring frå ulike idrettar og kan henta det beste frå fleire leirar, seier Anne Cathrine Enstad, som deltek i leiarprogrammet Morgendagens Skiledere.

Gro Eide er mediesjef i Norges Skiforbund. Og dei neste tre åra skal Eide vera Enstad sin mentor.

– Gro er god til å stilla dei rette spørsmåla så ein kan sjå problemstillingar frå fleire vinklar. Ho utfordrar meg og får meg kanskje til å tenkja i retningar som eg ikkje har gjort før. Me skal ha tre år samen. Eg håper eg kan dra nytte av hennar erfaring, både oppturar og nedturar, seier Enstad.

Morgendagens Skiledere er eit samarbeid mellom Equinor sitt talentutviklingsprogram Morgendagens Helter og Norges Skiforbund. Målet er å få fram fleire kvinnelege leiarar og trenarar på toppnivå. Til saman er 12 trenar- og 13 leiartalent med i programmet.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.