Sigrun Rekve var observatør i Palestina

I tre månader, frå februar til ut april, var helsesyster Sigrun Rekve (55) i Palestina på solidaritetsoppdrag for Verdens Kirkeråd.

AV Rolf Tepstad
Publisert

Mesteparten av tida var ho stasjonert i Jeriko, der oppdraget var å fylgja beduinane som budde og jobba i Jordandalen i deira kvardag. Ikkje minst skulle ho vera augnevitne, observera og prøva vera eit konfliktdempande innslag i møte med settlarar og israelske soldatar spesielt.

Sigrun Rekve er sjukepleiar med master i faget helsesyster. Reisa til Palestina var del av eit sabattsår, der kommunen gjev høve til avbrekk for å realisera ideal og å læra heilt nye ting.

Sinne – og sorg

Trygt heime att på Voss vedgår Sigrun Rekve at ho kjenner både sinne og frustrasjon over det ho opplevde i Palestina.

– Men mest av alt kjenner eg sorg. For 70 år etter at staten Israel vart oppretta, vert tilhøva for palestinarane på den okkuperte Vestbreidda slett ikkje betre. Tvert imot. Tilhøva er langt verre no enn for 30 år sidan, då eg fyrste gongen vitja Palestina.

Spesielt etter den 2. intifadaen i 2002 har utviklinga gått feil veg, seier Rekve.

– Det er òg mykje meir frykt i dag. Frykt for nattlege arrestasjonar, frykt for at det plutseleg kjem politi eller soldatar på døra for å arrestera, og frykt for at hus og landsbyar skal oppleva såkalla bulldozing, at dei vert jamna med jorda for å gje plass til israelske nybyggjarsamfunn.

Hentar born om natta

– Fortvilande å oppleva at born vert arresterte om natta, at hus og køyretøy vert konfiskerte, eller at tilgangen på vatn vert øydelagt. I tillegg dukkar det stadig nye kontrollpostar opp. Det er rundt 600 slike totalt no, inkludert dei permanente, kan Rekve fortelja.

– Svært mange palestinarar har jobb inne i byane, gjerne for ein israelsk arbeidsgjevar. Men dei veit aldri kor lang tid reisa inn til byen tek. Kanskje vert dei ståande i kø ved ein kontrollpost både i to og tre timar. Her vert dei ofte utsette for trugsmål og audmjukande kontrollar både frå militær og sivil makt. Vanskeleg å forstå at dette vert gjort av tryggingsgrunnar, synest Rekve.

– Det står fram meir som tiltak for å skapa frykt og fortviling. Palestinarane kjenner seg stempla som tjuvar og terroristar, dei vert mistenkeleggjorde heile tida.

Verdens Kirkeråd har til ei kvar tid ein fast observatørstyrke stasjonert i Jeriko. Sigrun Rekve sine kollegaer kom frå Canada, Finland og Sør-Afrika.

– Følte du sjølv nokon gong at du var i livsfare under oppdraget?

– Nei, eg opplevde meg aldri truga på livet. Men ubehag, frykt og mismot kjente eg på heile tida.

Kritikk = antisemitt

Det Sigrun Rekve i si rolle opplevde som aller mest fortvilande, er likevel korleis grepet òg strammar seg om organisasjonar som engasjerer seg humanitært i konflikten.

Saken fortsetter under annonsen.

– Vår oppgåve var å vareta folkeretten og menneskerettane i dagleglivet til beduinarsamfunna me hadde kontakt med. Men også dette vert no sett på med stadig større skepsis frå makthavarane si side, seier ho.

– Det nye no er også at alle kritikarar vert stigmatiserte som antisemittar eller fiendar av Israel. Men dette er heilt absurd, seier Rekve, då omgrepet per definisjon tyder fiendtlege haldningar mot jødar fordi dei er jødar.

– Ein må då kunna kritisera brot på menneskerettane utan å bli stempla som antisemitt!

Akkurat dette er blitt klart verre under statsminister Benjamin Netanyahu sitt styre, seier Rekve.

Hennar eigen konklusjon er likevel klar:

– Me må aldri slutta å bry oss!

– Kva løysing ser då du sjølv på konflikten du var midt oppe i?

– Håpet er ei fredeleg løysing på ein konflikt som i stor grad òg er ein kamp om knappe gode: naturressursar, land og vatn – i tillegg til sjølvråderett, fridom, religionsutøving, identitet og verdigheit.

Palestinarar og israelarar fortener som alle andre folkegrupper å få leva i fridom, seier Rekve.

– Men ingen fred utan rettferd!

Tilbake på fredelege Voss vedgår Sigrun Rekve at ho slett ikkje har klart å fordøya alle inntrykka enno. Både folk, hendingar og kvardagsliv har sett djupe spor.

Inntrykk

I løpet av opphaldet i Palestina sende Sigrun Rekve tre offisielle brev heim, mellom anna til Hordaland sin redaksjon. Desse kunne av tryggingsgrunnar ikkje offentleggjerast medan ho framleis var på oppdrag. Men på sida her bringar me utdrag frå breva, som skildrar oppdraget ho utførte.

– Elles kjem eg nok òg til å halda føredrag mellom anna her på Voss om opplevingane. Men fyrst lyt eg få samla inntrykka og fordøydd dei, seier Sigrun Rekve til Hordaland.

Eit siste brev frå vakre Palestina

Jeriko, 15. april 2018: 

Det blir sårt å forlata desse vakre menneska, som kjempar dagleg, men likevel har så mykje kjærleik og omsorg for seg og sine.

Det som blir særleg minnerikt å ta med seg heim er opplevingane vi har saman med sauegjetarane Mahyoub, Dijab og Fauwzi. To gonger i veka har vi vandra opp i frå deira beduinlandsby i det vakre fjellandskapet i Jordan Valley.

Dette er ein liten landsby, langt nord på Vestbanken. Det er ein tøff veg inn dalen, med 10 familiar på kvar side av fjellåsen, rundt 80 til saman. Her er dei omringa av israelske militære basar frå tre sider og har mista mykje land til militært formål og til nærliggande settlement.

Det er konstant militær trening i dette området. Dei har fått evakueringsordre sidan landområde vart gjort til «Closed Military Zone». Telt og sauefjøs er vorte øydelagde («erklært ulovlege»), sist i 2014.

Dei har ikkje tilgang til brønn, men frittståande vasstankar dei jamleg fyller opp. Desse har dei opplevd vorte konfiskerte under militære raid. I kontrast ligg det i nærleiken fleire større israelske settlement – kultiverte, grøne og frodige på grunn av tilgang til nok vatn.

Beduinane har dyrka jordbrukslandet sitt i generasjoner og dei har dokumentasjon på at dei eig landområdet. Men krigane og okkupasjonen har gjort ufordringane til beduinane verre og verre. Her hos dei kom ein ny settler-outpost i desember 2016 og er no blitt eit større og større problem. Dei kom med 70 kyr og byrja kultivera landområdet. Settlarane trakasser dei og kjem med bil/firhjularar/hest, bruker sterkt lys i mørket, støyeffektar, handgevær, maskingevær, hestar og hundar for å skapa frykt og få landsbybuarane til å halda seg unna. Fleire har òg flytta.

Born søv dårleg, er redde for å gå til skulen og har måtta skifta skule. Klager på dette har vore prøvd i retten, men i etterkant har settlarane kome med hardare truslar mot lokalsamfunnet for å få vita kven som har fortalt om at dei må vekk, og gjort tilhøva verre for landsbybebuarane. Vi følgjer fleire sauegjetarar og uttrykk som «vi føler oss som tjuvar i eige land», «sjølvsagt er eg redd, eg er jo eit menneske» – er nokre av kommentarane som gjetarane gjev oss medan vi går lange dagar saman.

Etter å ha gått nokre timar i beiteområda, med utsikt mot Jordan, har vi ein vidunderleg lunsj i det frie med bål, chai, taboon-brød, heimelaga geiteost og friske grønnsaker.

Dei vil helst også at vi skal ha middag med dei når vi er ferdige. Men då har vi ofte vore så utslått av varmen (og vil også spara dei), så vi har takka nei og reist heim etter 7-10 timar i fjellet. Vi har sjølvsagt opplevd kva dei står i, vi har hatt settlarane (som alltid tilkallar militæret) i ryggen/på hest med gevær i baklomma, vi har hatt diskusjonar med militæret, blitt kontrollerte og fått tatt bilete av passet – «vi kan jo vera terroristar». Og av og til har me fått bli verande i området, men også av og til måtta returnera. Det er alltid eit nederlag når beitetida blir redusert på grunn av pålagt retur, men vi har ikkje noko å stilla opp imot militær makt.

Når det ikkje er vi som følgjer sauegjeterar, er Taayush eller andre frivillige med dei. Vi har møtt Guy frå Tayyush, både under demostrasjonar mot oppretting av nye settlement og under gjeting i fjellet. Sist hadde han med journalistar som skulle skriva om korleis hæren, busetjarane og andre har som mål å motverka hans aktivisme. Han som israelar imponerer, men uthaldenheita, motstanden og stå-på-viljen hos sauegjetarane er fantastisk.

For å forstå okkupasjonen og sjå kampen dei fører her for å ivareta sitt land og kultur må ein komma hit og oppleva det på nært hald. At eg løfta meg sjølv ut av komfortsona, har gitt meg så mykje! Dersom eg får anledning å koma hit igjen, vil eg gjerne møta fleire kvinner og barn, og deira utfordringar knytt til okkupasjonen. Det har denne gongen vorte flest menn vi har møtt, då vi har ein mannleg sjåfør som òg er oversetjar. Eg fekk likevel eit lite innblikk via «The midwife-led continuity model in the West Bank» frå prosjektansvarlig og erfaren palestinakjennar Berit Mortensen og prosjektleiar Kefaya Atieh (Department of Education in Health, Palestinian Ministry of Health).

Ein dag Kefaya var her i Jericho og i ein av «mine landsbyar» fekk eg møta jordmødrer og kvinner under oppfølging før/etter fødsel, og erfarte at prosjektet for å nå ut til kvinnene har hatt effekt.

Dette har vore ei tøff og lærerik tid med minne og erfaringar som vil delast i større grad når eg kjem heim. Programforpliktelse, men det blir også ei stor glede!

Vil på det varmaste anbefala ei reise til Palestina!


Sigrun Rekve

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.