Portrett:

Utskriven frå sjukehuset

Når arbeidsdagen neste torsdag er over, kan Rolf Abrahamsen bruka dagane slik han sjølv finn for godt. Høna Prilla og hunden Trygg kan få sin del av tida, det same kan fisken og politikken.

AV Sigrid Seim
Publisert

Samtalen med den avtroppande direktøren ved Voss sjukehus finn stad på eit moderne, men nøkternt kontor. Det fører oss også heim til Flatekvål, for å få eit inntrykk av kva som interesserer han utanom arbeidstid. Solide murar i naturstein og skifertak på uthus er hans verk. Det er bygd røykjehus i utkanten av tunet. Men fyrst går han på leiting etter Prilla, den eine høna som dei har.

– Ho er ei skikkeleg gammal høne! 12 eller 13 år no, ler han. Dei andre i flokken er for lengst døde.

Han finn henne på trappa, tett ved inngangsdøra. Hunden Trygg kjem også for å helsa på. To hestar beiter i idyllisk blomstereng, medan dei to kattane på bruket held seg unna. For pensjonisten kan dette verta ramma om kvardagane, framover.

– Kvifor sluttar du no, berre 64 år gammal?

– Eg synest tidspunktet no er det rette. Eg har vore her såpass lenge, og eg trur det er sunt og bra for sjukehuset med eit skifte. Det er flott å kunna gje seg medan ein er nokolunde på topp, å kunna gå med ei god kjensle. Arvtakaren min, Olav Lødemel, har vore her lenge. Eg har god tru på at han vil gjera ein god jobb som direktør.

Rolf Abrahamsen er fanastril, oppvaksen i rekkjehus og landlege omgjevnader tett ved Storetveitvatnet. Saman med mange jamaldringar var det heile tida noko å finna på. Ungane var sjølvhjelpne. I nærleiken låg Storetveit camping, som teltturistar brukte midtsommars.

– Utanom sesongen brukte me campingplassen til fotballbane. Me hogg ned tre, og laga oss mål. Nett til måla skaffa eg, frå fiskarar i familien. Oppmerkinga vart gjort med sagflis, og dette vart «Nettingham Park».

Han smiler ved minnet. Det kan nemnast at skeiser også var veldig moro, når isen var trygg på Storetveitvatnet. Var det dårleg gli, hogg dei sjølve hol i isen og skaffa vatn til å preparera banen ...

– Eg hadde ein utruleg fin barndom!

Rolf var som ein skjønar aktiv, såpass at det gav han det fyrste møtet med sjukehusvesenet.

– Eg fekk ein stygg skade på ski, då eg mista kontrollen i ein bratt bakke og køyrde rett i ein steingard. Eg svima av, og braut skia. Kom meg etter kvart heim, men svima av på nytt. Då vart eg innlagt på Haukeland, med ei kraftig hjerneristing. I mange år etterpå sleit eg med vondt i hovudet. Som konfirmant svima eg av i kyrkja, av same grunn.

Seinare har han og hatt tre-fire korte opphald som pasient på sjukehus, for å ha det nemnt det. To gonger ved Voss sjukehus, der Johannes Brattebø har operert han for meniskskade, i begge knea. Med godt resultat, forsikrar sjukehusdirektøren.

Rolf Abrahamsen valde utradisjonelt då han skaffa seg sommarjobb i ungdommen. Han gjekk på Fana gymnas, men var tre somrar i Nordsjøfart. Dårleg betalt, men med kost og losji og sjansen til å få sjå seg rundt i ei rekkje hamner, også i Russland og Polen. Men han hadde aldri tenkt å verta sjømann, understrekar han.

Interessa for samfunn og politikk førte han inn på studiar i sosialøkonomi, seinare samfunnskunnskap, offentleg administrasjon og organisasjonskunnskap. Han fekk jobb fyrst i Kjøpsvik, langt nord, men valde deretter Gulen. Fyrst som helse- og sosialsjef, deretter som rådmann i rundt 13 år. Han hadde møtt Sigrunn frå Voss, og dei stifta familie. Borna vart fødde på Voss sjukehus, sjølv om dei den tid ikkje budde på Voss.

For snart 20 år sidan fekk dei overta småbruket på Flatekvål frå far til Sigrunn, med bu og driveplikt på kjøpet. Dei såg seg om etter jobbar, og det førte Rolf Abrahamsen til leiarjobben ved sjukehuset. Frå 1. januar 2001 har han vore direktør ved Voss sjukehus.

– Dette var ikkje noko eg hadde sikta meg inn på. Som rådmann hadde eg eit veldig mangslunge felt å styra, med institusjonar spreidde i kommunen. Her på sjukehuset kunne eg arbeida på eit meir konsentrert fagområde, med dei tilsette i det same bygget. Det var enklare, på ein måte.

Han fekk ein god start, og nemner spesielt sjefslege og gynekolog Peer Einar Bjørgo og sjefsjukepleiar Eli Thomassen som gode støttespelarar.

Når pensjonisten skal sjå attende på åra ved Voss sjukehus, er det arbeidet for å få til ei god samhandling med Haukeland sjukehus, innanfor den store organisasjonen Helse Bergen, som teiknar seg klarast. Samtidig var det viktigaste prosjektet å sikra at Voss sjukehus kunne halda på sin eigenart og kultur. Sjukehuset skulle ikkje kjempa imot ein stor organisasjon, men tilpassa seg, og gjera det beste ut av det.

– No er Helse Bergen-modellen for drifting av lokalsjukehuset vorte lagt merke til. Andre ynskjer å læra av oss, seier Rolf Abrahamsen nøgd.

Eigenarten ligg i det at sjukehuset på Voss har ansvaret for eit eige geografisk område. Kultur er bygd over lang tid, med tradisjonar og rutinar. Dei gode tradisjonane omfattar elleville sjukehusrevyar, populære blåturar og jolelunsjar.

– Me er ikkje vorte slukte av Helse Bergen. Gjennom avtalar får me tilført pasientar som me er avhengige av å ha. Det gjeld over 1000 pasientar i året, seier han.

Til Voss kjem pasientar direkte frå Bergen legevakt med underarmsbrot, og med hoftenære brot. Bestemor med lårhalsbrot kan vera skeptisk til å verta køyrt til Voss, men er som oftast positiv etterpå. Voss har fått ansvaret for fedmekirurgi. Etter ein forsiktig start har dei no opp mot 230 pasientar årleg, og er ein av dei største innan dette fagfeltet i landet.

Utviklinga mot spissa kompetanse og sterkare fagmiljø har ført til at pasientar flyttar seg meir mellom regionane. For det som gjeld planlagd kirurgi, kjem tre av fire pasientar på Voss sjukehus utanfrå sjukehusområdet.

Saken fortsetter under annonsen.

Fødeavdelinga er døme på kva det er mogleg å oppnå, på eit lokalsjukehus.

– Det var snakk om nedlegging, då eg byrja her. Voss hadde rundt 300 fødslar i året. Men me har fått bygd eit solid fagmiljø og opparbeidd eit godt rykte. I toppåret 2013 hadde me 498 fødslar, medan talet no har gått litt nedover att.

Rolf Abrahamsen kan nøgd konstatera at dei no har på plass tre unge kvinner frå Voss, som gynekologar, og fleire er under utdanning. Det er inga ulempe å vera kvinne i denne jobben, tenkjer han. Og når temaet fyrst er rekruttering av legar; samarbeidet med Haukeland gjeld også utdanning av overlegar.

Akuttfunksjonane har også hatt sine rundar, med trugsmål om nedlegging. Etter den siste runden er det konkludert med vidareføring, kan Rolf Abrahamsen nøgd slå fast. Han er med i leiinga i helseføretaket, og kjenner seg trygg på at dette ligg fast.

– Frå 2005 har Helse Bergen halde fast ved dette. Akuttfunksjonane på Voss skal ikkje tuklast med, dei skal styrkjast, framover.

Han har gode døme på kor avgjerande det er å ha eit velfungerande akuttfunksjonar i regionen. Den alvorlegaste hendinga i hans tid er brannen i Gudvangatunelen i 2013, der sjukehuset mobiliserte på kort tid og tok mot 22 pasientar. I oktober i fjor fekk dei også sett mottaket på prøve, ved bussulukka i Nakkagiltunnelen.

– Lokala er absolutt på brestepunktet, seier Abrahamsen, og har bilete som viser kor tett det er av personale rundt pasientane som kom inn då.

– Det er planar for ei utbygging, som ei fyrste løysing på eit etter kvart stort arealproblem, forklarar han.

– Me har vakse ut av areala me disponerer, men her er gode planar for betring, både på kort og lang sikt.

Som sjukehusleiar har han stilt utan helsefagleg bakgrunn. Det har sine ulemper, men og sine fordelar, han kan opplevast som ein nøytral part i indre prosessar. Han kom ikkje med fastlåste, innlærte standpunkt. Å sikra god takhøgd, i overført tyding, har vore viktig. Alle må kunna vera trygge for at dei kan koma med sine synspunkt. I botnen ligg det at sjukehuset er til for folket som bur her.

Leiarjobben er ikkje utan konfliktar.

– Eg har ganske lang lunte, og vanskeleg for å bestemma kva eg vil gjera i slike tilfelle. Av og til vert det ei natt med dårleg søvn, før eg kjem fram til ein strategi, og ei løysing. Når eg har fått svart, er eg ferdig med det. Eg ber ikkje nag, legg han til.

– Eg har ikkje mange fiendar. Mest vener, sjølv om det har vore kontroversar.

Jobben har ikkje fått ta over all tida til direktøren. Frå han var liten har han vore ivrig fiskar. Han grein då han måtte heim att frå dei årlege feriane i Brandasund, der all ledig tid hadde vorte brukt på fiske. Han engasjerer seg for Vosso-laksen, og er styreleiar for stiftinga Voss klekkeri. Dei siste tida har han brukt ei veke årleg i Orkla, og han fiskar kvart år i Vosso nokre dagar. I røykjeriet heime på Flatekvål har han fått taket på både røykt laks, og røykt kjøt. Førre året røykte han også 250 makrellar – alle vart for salte! Stadig noko å læra ...

Fisken som hamnar på kroken hjå han får ingen ny sjanse. Han driv matauk, ikkje fang og slepp. Av prinsipp er han også imot troféjakt.

Som Venstre-politikar er han på ny fast medlem i kommunestyret. Han har hatt tre periodar før, og var varamann no, før fleire forfall har ført han inn att.

– Det er interessant, men samtidig har eg gått litt stille i dørene, fordi eg har hatt den stillinga eg har hatt. Eg har teke omsyn til at eg også skal ha eit godt samarbeid med kommuneleiinga, og ein bør ikkje bruka statusen sin feil.

– Det treng du ikkje tenkja på, no framover?

– Som pensjonist kan eg nok vera litt meir spenstig. Eg kan tenkja meg å vera litt meir engasjert innan fleire felt, kanskje bidra i prosjekt. Eg har fått spørsmål som eg skal vurdera nøye, antydar han.

Ei politisk sak som han lett kan flagga, er vernet om Prestegardsmoen.

– Det bør ikkje tekast ein kvadratmeter meir der no! Moen er ei perle både for turistar og for fastbuande. Gamle tre som vert tekne ned bør erstattast med nye!

Når han om kort tid har status som pensjonist, kjem han til å sakna sjukehuset og alle dei tilsette. Den gode stemninga.

– Men eg vil ikkje sakna kampen for å halda budsjetta! Heller ikkje diskusjonane om løns- og arbeidsvilkår.

Rolf Abrahamsen

  • Alder: 64 år.
  • Sivil status: Gift med Sigrunn Dommarsnes (bioingeniør ved Voss sjukehus), far til Brynjar og Anna.
  • Bustad: Småbruk på Flatekvål.
  • Yrke: Utdanna sosialøkonom, direktør ved Voss sjukehus.
  • Aktuell: Frå 1. juni overlèt han styringa til Olav Lødemel, og vert pensjonist.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.