Portrett:

Mangfaldige Bridget

Å prøva nye ting, har Bridget Penny aldri vore redd for. I dag gjenopnar ho kunstkafeen på Evanger.

AV Stine Strand Carlsen
Publisert

«Dette har eg aldri gjort før, så det klarar eg heilt sikkert», seier Pippi Langstrømpe. Litt slik er det med Bridget Penny også.

– Eg har aldri drive kafé før, så eg veit ikkje heilt kva eg går til. Men eg tenkjer slik at mange driv jo kafé, så kvifor skal det ikkje kunna fungera? seier Bridget frå kjøkkenbordet heime i Rongahuset.

For ganske nøyaktig to år sidan vart det brått slutt på den fargerike kunstkaféen på Evanger, då Mona Nordaas på brutalt vis vart drepen heime i huset sitt. No har Bridget teke over både huset og kafeen, og er bestemt på å føra arven vidare – med sitt eige preg og sine eigne idear.

– Mona var ei svært god veninne av meg, og det var frykteleg for alle som kjende og var glad i henne, då ho vart riven vekk. For litt over eitt år sidan tok eg over huset, og flytta inn med borna. Det var ikkje så lett i starten, men etter kvart som me har måla, fiksa, og fått på plass våre ting, byrjar huset meir og meir å kjennast som vår heim. Det er eit godt hus å bu og leva i, med sjel og særpreg.

Bridget er åleinemor til sju born. Ho har jobba som lærar ved Dale barne- og ungdomsskule sidan 2001. No jobbar ho som lærar for flyktningar ved Vaksdal Introsenter, i ein 50 prosent stilling.

– Dagane er jo hektiske, men eg likar at det skjer ting rundt meg og at eg har folk rundt meg heile tida. Jobben som lærar er inspirerande, og eg fann tidleg ut at eg ville jobba med menneske.

På veggene står velfylte bokhyller tett i tett. På kjøkkendisken ligg ferske grønsaker frå eigen hage. Dottera Aliya på 15 er i gang med middagslaginga, og dufta av tomatar og kvitløk som freser på panna fyller rommet.

– Eg er vegetarianar, og også borna ete mykje vegetarisk mat. Menyen i kafeen vil spegla dette, for vegetarisk mat er jo det eg kan laga best. Eg kjem til å halda ope i helgane mykje av skuleåret, så lenge det ikkje er for kaldt, med utvida opningstider om sommaren. Eg prøver meg fram for å sjå kor tid folk helst kjem og kva dei ynskjer, og så fastset eg menyen og opningstidene ut frå det.

Overgangen til engelsk skjer fort i heimen. Når Bridget snakkar med borna, nyttar ho morsmålet. Bridget har røtene sine i England, og vaks opp i ein musikalsk familie.

– Far min spelte fiolin i symfoniorkester, i England, Belgia og i Bergen. Mor mi jobba som pianolærar. Det var naturleg nok mykje musikk heime hjå oss, og eg spelte piano etter notar før eg hadde lært å lesa.

Bridget er eldst i ein syskenflokk på tre systrer, og familien flytta fleire gonger alt etter kvar faren fekk jobb. Då Bridget var 6 år, pakka familien sakene i seglbåten sin og sette kurs mot Belgia.

– Far min studerte fiolin i Brussel, og i to år budde me i båten vår, ein 55 fots seglbåt bygd i tre av den tyske marinen. Me låg ved kai i ein båtklubb på kanalen som renn gjennom byen, og me var fleire born som budde og leikte saman her. Folk uroa seg ikkje så mykje for ureining, og me likte å bada i kanalen fordi vatnet alltid var varmt, ler ho.

Båtlivet vekkjer mange gode minne hjå Bridget.

– Eg hugsar spesielt lukta av tjøre, som far min alltid brukte då han skulle klargjera båten kvar vår. Og fiolin-spelinga til far var alltid i bakgrunnen når me skulle sova. Sjølv om det må ha vore trongt og upraktisk for foreldra mine å bu slik, har eg mange gode minne frå denne tida.

I 1974 fekk faren jobb som fiolinist i Bergen Filharmoniske Orkester, og familien segla heile vegen til Bergen. Det kunne bli lange dagar i båten, men Bridget hadde sine interesser.

– Eg brukte mykje tid på bøker. Eg har alltid likt å lesa, og det var spenningsbøker, fakta- og naturfagbøker eg likte mest som barn. Eg tok stadig heim insekt og dyr som eg stelte mykje med. Alt frå edderkoppar til rumpetroll og larvar.

Men det var ikkje berre enkelt å bu på båt.

– Sjøen kan vera farleg, og me borna måtte alltid ha på oss redningsvest og line når me skulle ut på dekk. Me var ikkje redde, men foreldra våre hadde fokus på tryggleik.

Då seglbåten kom inn Vågen i Bergen ein kjølig augustdag, stod Bergens Tidende klar.

– Me fekk eit stort oppslag i avisa. Det var ikkje kvar dag dei såg ein siglande fiolinistfamilie koma inn slik. Det var vel litt eksotisk, smiler ho.

Familien flytta i hus i Fana, og vart verande i Bergen i mange år.

– Overgangen til Norge gjekk greitt. Eg lærde meg språket fort og fekk gode vener. Men det er klart, det var jo ikkje berre, berre å koma utanfrå og flytta på landsbygda. Me var jo ikkje heilt som alle andre ...

Bridget kunne lesa før ho var fire. Ho gjorde det godt på skulen, og kunne både fransk, engelsk og norsk i tidleg alder.

– Foreldra våre var alltid opptekne av at me skulle gjera det bra på skulen. Det ligg nok i ryggmargen til deira generasjon, og er ein del av kulturen vår. Sjølv om oppdraginga kunne verka streng på andre, var det heilt vanleg for oss.

Saken fortsetter under annonsen.

I ungdomsåra hadde Bridget fleire ulike jobbar. Ho jobba mellom anna på gard, på snikkeri og ved Vestlandsheimen utanfor Åsane.

– Året ved Vestlandsheimen gav meg mykje. Det å jobba tett med psykisk utviklingshemma var ein gjevande og fin jobb. Eg gjekk også eit år ved Hurdal folkehøgskule og fekk mange lærerike erfaringar, som å fylgja blinde skiløparar i løypa – å orientera seg slik utan å sjå er vanskelegare enn ein kanskje skulle tru!

CV-en til Bridget er brei og variert. Ho har studert alt frå religionsvitskap til latin, arabisk, psykologi og spesialpedagogikk. Ho var mellom dei fyrste lærarane i Vaksdal kommune som underviste born frå Afghanistan då dei vart busette på Dale. I seinare år har ho også jobba ved Pedverket på Voss, og ho var dagleg leiar ved Vestnorsk Kulturakademi ein periode. Ho tek også oppdrag som privatundervisning, omsetjing og språkvask.

– Eg er glad i språk og i menneske, og vegen har vel eigentleg blitt til medan eg har gått han.

Dei to fyrste borna, Hannah og Benjamin, vart fødde i Bergen. Ho kom til Evanger i 2001, med mannen ho har dei fem andre borna saman med. Det var gjennom han at ho ville læra seg arabisk.

– Han var palestinar, og eg hadde lyst til å læra meg språket sjølv. Han brukte å spøka med at eg aldri kom til å klara det, sidan språket er så vanskeleg. Då tenkte eg, at det skulle eg no visa at eg klarte! Så eg tok mellomfag i arabisk språk og kultur. Men sjølv om det har lågare status, er det dialekt og daglegspråk som kjem mest til nytte, seier ho.

Eksmannen til Bridget lever ikkje lenger no, og sjubarnsmora vedgår at det kan vera tøft å vera åleine med så mange barn.

– Det er ikkje spøk å vera åleineforelder, men samstundes er eg så takksam for alt eg har. Men det hadde jo vore fint å vore litt fleire vaksne i huset. Eg har vore inne på tanken om å laga eit kollektiv her. Det hadde vore moro!

Det var då Bridget fekk eit barn med Downs Syndrom i 2003, at ho bestemte seg for å studera spesialpedagogikk.

– Eg tenkte at eg like godt kunne bli spesialpedagog sjølv, når eg fyrst stod i den situasjonen. Det var jo ei stor omvelting for oss å få eit funksjonshemma barn, og då hadde eg eit behov for å læra meir.

Det går fint med Amina i dag, og Bridget vil gjerne rosa all oppfylginga dei har fått gjennom oppveksten hennar.

– Kommunen var der frå dag ein med alle ressursar, og det er me svært takksame for. Når ein står i ein slik situasjon, er det godt å oppleva at ein har eit apparat rundt som fungerer.

Men samstundes er ikkje alt like enkelt.

– Som mor til eit funksjonshemma barn opplever eg diverre ofte at ho står på sida av samfunnet etter kvart som ho veks til. Ho er mykje for seg sjølv, både i undervisning og i friminutt. Eg synest det er tankevekkjande at ein ikkje legg meir til rette for funksjonshemma til å finna ein plass i det normale samfunnet.

På musikkrommet innanfor kjøkkenet står instrumenta og notestativa på rad og rekkje. Musikken er framleis ein stor del av livet til Bridget. Ho spelar fleire instrument, og har vore med i fleire orkester og korps. I dag spelar ho paukar i Orkesteret Fossegrimen.

– Det betyr mykje å få vera ein del av eit så dyktig orkester som Fossegrimen. Det er faktisk noko av grunnen til at eg vel å bli verande her på Evanger. Jonsokaftan får me æra av å spela saman med Leif Ove Andsnes i Gamlekinoen på Voss, og det gler eg meg stort til!

Bridget ser framover. Ho gler seg til å starta opp som kafédrivar. Ho trivst med å tilby overnatting i Rongahuset til gjester, slik både ho og Mona tidlegare gjorde i kvart sitt hus.

– Det er fint å skapa ein møteplass for folk frå heile verda, og gjestene set pris på roa og dei fine omgjevnadene på Evanger. Eg tek imot gjester heile året, og er alt booka for mykje av sommaren. Det er jo eit stort hus dette her, så her er det plass til mange. Men likevel ynskjer eg meg stadig endå litt meir plass, smiler ho.

Den offisielle opninga av kafeen skjer i dag, midt under Evangerlaurdagen. Ordførar Hans-Erik Ringkjøb kjem for å klippa over snora.

– Det vert jo ein merkedag, dette her. Eg har juksa litt, og hatt ope eit par helgar i førevegen. Eg tenkte det var lurt å koma litt i gang før den verkelege opninga. Og folk har vore innom og likt seg, så det lovar godt så langt.

Bridget ynskjer at kafeen skal gje påfyll, i vid forstand, for sambygdingar og for dei mange tilreisande.

– Evanger treng ein møteplass som dette. Så no hoppar eg i det med begge føtene, og håpar at folk vil bruka oss!

Bridget Penny

  • Alder: 52 år.
  • Adresse: Rongahuset på Evanger.
  • Sivil status: Åleinemor til Hannah, Benjamin, Aliya, Amina, Hamza, Younes og ZouZou.
  • Aktuell: Gjenopnar kaféen i Rongahuset i dag under Evangerlaurdag.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.