Vossingar deltek i bridge-EM

Tvillingane Nils og Terje Hirth deltek i EM i «jernbanebridge» på Park Hotel i dag.

AV Stine Strand Carlsen
Publisert

– Me har spelt bridge sidan me var 15–16 år gamle. Det er eit artig kortspel, som er mykje likt amerikanar og whist, seier Nils og Terje.

Annakvart år vert det arrangert eit europeisk meisterskap for jernbanetilsette. I år er tevlinga lagt til Voss, der sju nasjonar er med.

Med sidan 1980

Nils jobbar som konduktør for NSB og Terje jobbar ute på linja. Dei er nesten veteranar å rekna når det gjeld å delta på meisterskapet.

– Me har vore med på dette sidan 1980, og har reist rundt mange plassar i Europa. Dette er eit ganske stort meisterskap, seier Terje.

Det er fyrste gongen tevlinga er lagt til Voss, noko Terje og Nils tykkjer er ekstra stas.

– Det er jo moro å kunna vera her i heimbygda, seier dei.

Noreg gjer det bra

Arrangørane er nøgde med tevlinga så langt på Voss.

– Det er kjekt å vera her. Litt synd med regnet, men me sit jo heldigvis innandørs, seier John Våge, som sit i den internasjonale arrangørnemnda.

Det er eit vidt spenn mellom deltakarane.

– Me har deltakarar frå Tyskland, Frankrike, Danmark, Ungarn, Polen, Romania og Noreg. Oppmøtet er bra, og det ligg sjølvsagt stor prestisje i å vinna, smiler Våge.

– Kven ligg best an så langt?

– Noreg og Ungarn gjer det godt. No er me halvvegs i spelinga, så dette vert spennande!

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.