PREMIESMILNyhende

Vossing i 20-åra vann 747.000 kroner

– No vert det ny bil!

AV Sara Finne
Publisert

Det var tysdag kveld at mannen i 20-åra frå Voss vann 747.320 kroner i Extra-trekninga. Og det spørst om ikkje 20 er det nye lukketalet hans, for det var det som sikra gevinsten.

– Det er heilt sjukt. No vart eg overraska, seier mannen til Norsk Tipping.

Før trekninga var mannen alt sikra 298.925 kroner, men summen steig altså med over 400.000 kroner.

– Det var veldig spennande å sjå på sendinga. Dette var kjekt! seier den glade vinnaren som seier at han skal bruka pengane på ny bil.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.