VOSSARUDL’NNyhende

VossaRudl’n for 16. gong

På laurdag er det klart for Vestlandet sitt største veteranbil-arrangement på Voss.

AV Marita Saue Hamre
Publisert
Oppdatert:

VossaRudl’n er eit turløp for veterankøyretøy, og til saman er det påmeldt 400 deltakarar som anten er sjåførar eller passasjerar på veteranbilane.

– På laurdag kan publikum blant anna få sjå ein Buick 1910-modell, seier arrangørane Terje Olsen og Ruth Kristin Trå.

Det er meldt på om lag 39 bilar frå førkrigstida.

– Det er veldig kjekt å sjå at så mange vil vera med. Bilane frå førkrigstida var ofte enklare utstyrte enn bilar som vart laga etter krigen, og det kjem me til å sjå på laurdag, fortel Olsen.

Elles lovar arrangørane god stemning.

– Det blir flott natur, gamle vegar og smale tun.

Rundtur på Voss

Turen går på smale bygdevegar på Ullestad, Finne, rundt til Lundarosen med lunsj på Istad.

– Etter lunsj og marknad på Istad går turen vidare til Tjukkabygda, Tøn, Kløve og til slutt til Stalheim, seier Trå.

Og for dei som torer å køyra Stalheimskleiva, er det mogleg å sjå veteranbilane oppover svingane.

– Me er glade for at me har fått løyve til å køyra Stalheimskleiva opp denne gongen, fortel arrangørane.

Publikum med flagg

Oppmodinga frå Olsen og Trå er at publikum rundt i gatene tek med seg stolane ut i vegkanten, og ser på veteranbilane.

– Arrangementet er til for å visa fram gamle bilar, og desto kjekkare er det for bileigarane å visa fram bilane til publikum langs vegen.

Bilane startar omkring 10.30 frå plenen ved Fleischer's laurdag.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.