NSBNyhende
Ordet fritt:

Voss og Bergen

Leiaren i Voss Senterparti oppmodar Kjartan Rødland til å ta seg ein tur til Austlandet. Eg vil gjerne vera med på den turen.

AV
Publisert

Både Kjartan og eg reiser på honnørbillett, så me har råd til det.

På turen kan me snakka med dei som pendlar inn til Oslo, til dømes frå byar i Østfold. Kva ynskjer dei seg?

Dei eg har snakka med til no er skeptiske til NSB sine visjonar om dobbeltspor og høgfartstog. Dei seier at i anleggsperioden vert det mange forseinkingar. Og dette tek år etter år etter år. Her er stadig buss for tog: ikkje berre på Østfoldbanen, men også på dei andre banane inn til Oslo.

Om dei skal inn på eit viktig møte i byen, legg dei så inn ein time eller to ekstra for å ta høgde for forseinkingar. Det er ein høg pris å betala for å vinna inn nokre minutt ein gong i framtida. Dei eg har snakka med etterlyser enklare løysingar enn NSB sine futuristiske visjonar. Til dømes fleire krysningsspor, fleire avgangar og ikkje så altfor lange tog.

Kor lang anleggsperiode må me rekna med for å koma til Bergen på 32 minutt med dobbeltspor og høgfartsbane og K5? Femten år, tjue år? Tretti år? Det vert lenge å venta for dei som i dag pendlar mellom Voss og Bergen. Og det vert mykje buss for tog.

Me treng litt realisme i denne saka, ikkje berre futuristiske visjonar.

Trygve Refsdal

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.