Viste Mel Gibson rundt i Vangskyrkja

Guiden Camilla Velsvik (20) hadde Mel Gibson på tomannshånd i Vangskyrkja.

AV Stine Strand Carlsen
Publisert
Oppdatert:

I går skreiv Hordaland om Mel Gibson som besøkte Tre Brør Kafé onsdag. I 12-tida same dag tok han også turen i Vangskyrkja, fortel guidane i kyrkja.

– Heller ikkje me skjøna kven han var. Han hadde caps og skjegg, og såg ut som ein heilt vanleg turist. Det var eitt eller anna med smilet hans som fekk meg til å lura litt, men eg tenkte ikkje noko meir på det, seier Camilla Velsvik (20), som har sommarjobb i kyrkja på fjerde året.

Guida stjerna

Camilla guida Passion of the Christ-regissøren rundt i kyrkja, og dei var til og med heilt oppe i klokketårnet.

– Han synest det var utruleg vakkert her, og insisterte på å få gå opp i tårnet. Eigentleg skal me ikkje ta med turistane opp dit, men han var så interessert at eg klarte ikkje lata vera, seier Camilla.

Då dei nesten var kome på toppen, stod han og filma med mobilen sin.

– Eg synest det såg så stussleg ut at han stod å filma på trappeplatået der, og tok han til slutt med heilt opp til klokka.

Sa ho ville ha arven hans

På veg opp dit, sa ho noko som gjorde at foreldra fekk latterkrampe når ho fortalde om det etterpå.

– Eg sa: «If you go up there, you have to promise me not to die!». Han nikka og smila, og så sa eg «But if you do, i want to have your heritage!».

Då lo han berre og sa det var greitt. Tenk at eg sa det! Han har på film på mobilen sin at eg skal ha heile arven hans, ha-ha!

– Breathtaking

Vel oppe i tårnet vart mr. Gibson overvelda.

– Han synest utsikta var «breathtaking», og han var veldig takksam og audmjuk for at han fekk vera med heilt opp i tårnet, seier ho.

Nede i kyrkja gjekk kona og sonen rundt. Kona til Gibson hinta frampå til den andre guiden, David Brakestad Boge, om kven dei hadde besøk av i kyrkja.

Saken fortsetter under annonsen.

– Ho spurde meg om eg hadde sett fleire filmar, som eg til slutt kopla at Mel Gibson var med i. Det var då det gjekk opp for meg at det var han som var her, seier David.

Introduserte seg sjølv

Han fata tak i Camilla då ho kom ned frå klokketårnomvisinga, og fortalde henne dei store nyheitene.

– Eg kunne ikkje tru det! Eg blei umiddelbart veldig flau, seier Camilla.

Ungdomane tok etter kvart motet til seg og spurde Mel Gibson om det verkeleg var han, noko han stadfesta.

– Me var så i sjokk at me visste ikkje kva me skulle gjera. Og så gløymde me å spørja om å få ta selfie med han!

Rett etter forsvann mr. Gibson og familien ut dørene på Vangskyrkja, og vekke var dei.

– Men han har jo meg på film då, det er ikkje berre berre det! ler Camilla.

Sjefen berre lo

Camilla fortel at ho kvia seg litt for å seia til sjefen at ho hadde tatt med seg ein mann opp i klokketårnet.

– Men ho berre lo heldigvis! Det er jo ikkje kvar dag me får ei slik superstjerne til Voss!

Kva Mel Gibson og familien har gjort på her på Voss, er ukjent for Hordaland. Guidane i Vangskyrkja fortel at dei såg eit hotellkort detta ut av lomma til superkjendisen medan han var i Vangskyrkja.

– Så han har nok overnatta på eit av hotella her, seier dei.

BA melder fredag at Mel Gibson og familien har forlate Bergen med fly frå Flesland.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.