HELGETANKARNyhende
Helgetankar:

Velsigninga

Sist torsdag var helgetorsdag, eller Kristi himmelfarts dag som dagen også vert kalla. Preiketeksten for dagen var henta frå Lukasevangeliet kap 24.

AV
Publisert
Oppdatert:

Innleiingsvis seier Jesus at Messias skal lida og stå opp frå dei døde tredje dagen. Dette har me feira i påsken. Frå påsken til helgetorsdag er det 40 dagar. Dette talet går att i Bibelen. Til dømes vandra israelittane 40 år i ørkenen. Dei 40 dagane etter påske levde Jesus på jorda som den oppstandne. Han viste seg for disiplane ved fleire høve.

Helgetorsdag høyrer me om oppdraget Jesus gav apostlane, om lovnaden om kraft og utrustning frå det høge og om korleis Jesus fôr opp til himmelen. Me gjer vel i å merka oss korleis Jesus skildest frå disiplane då han vart teken opp til himmelen. Han gjekk ikkje til ein stad og forsvann. Han stod vend mot disiplane med lyfta hender og velsigna dei.

Kva vil det seia å velsigna og kva er ei velsigning? Me veit at ord er viktige. Orda våre har kraft i seg. Velsigninga er ord. Det er ord frå eit menneske til eit anna, og dei handlar om alt godt som me ynskjer for dette mennesket. Me seier ofte «lukke til» og ynskjer med det noko godt for andre. Dei arbeidar og gjer ein innsats. Det er viktig at dei gjer sitt beste, men me ynskjer at dei i tillegg skal ha lukka med seg.

Velsigninga har dette i seg. Det er gode ord om alt godt for ein ven, ein me er glad i. Men velsigninga har trua på Gud med seg. Difor ligg velsigninga nært opp til forbøna, ei bøn for andre menneske. I velsigninga nemner me alle dei gode gåvene eit menneske treng. Alt godt til kropp, sjel og ånd. Herren velsigne deg!

I Det gamle testamentet høyrer me velsingingsord. Det var gjerne noko ein far gav vidare til borna sine. At alt godt frå Gud måtte vera med dei og at alt måtte lukkast for dei, kvar dei var eller kva dei gjorde. Folket vart også velsigna. Gud må ver med dei, beskytta dei og la alt lukkast for dei.

Ei velsinging kunne uttalast fritt frå hjarta, men dei kunne også ha faste formuleringar. I 4. mosebok 6,24 - 26 les me den aronittiske velsigninga. Aron var bror til Moses og leiar for prestetenesta. Gud seier til han korleis han skal velsigna folket: «Herren velsigne deg og vare deg! Herren la sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig! Herre lyfte sitt andlet mot det og gje deg fred»!

Alle som går i kyrkja kjenner denne velsigninga godt. Kyrkjelyden vert velsigna med desse orda i slutten av kvar gudsteneste. Med desse orda vert kyrkjelyden send ut i kvardagen. God ord om at Guds velsigning, nåde og fred skal vera med dei, kvar einskild.

Kva var velsigningorda Jesus brukte då han velsigna disiplane og vart teken opp til himmelen? Det veit me ikkje. Men alt godt som dei trong i tida som kom ville han gje dei, og dei gjekk glade tilbake til Jerusalem.

Ha ei velsigna helg!

Arild Hellesøy, prost

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.