STENGDNyhende

Vegstenging grunna asfaltlegging

Vegen mellom Bulken og Hamlagrø vil verta stengd i periodar like fram til 31. oktober grunna asfaltarbeid.

AV Rolf Tepstad
Publisert

Lengste biten som får ny asfalt er strekkja mellom Skirstølen og Hodnaberg.

Her vil det verta fast vegstenging mellom klokka 10 og klokka 14 frå måndag 17. september til fredag 5. oktober, melder Statens vegvesen.

Frå 13. september og ut heile oktober vil vegen kunna verta stengd i periodar på opp til 30 minutt frå måndag til fredag mellom klokka 07 og 17.

– Strekkja er 1500 meter lang og i svært dårleg tilstand, seier byggjeleiar Bente Bergstø i Statens vegvesen, som opplyser at det også vert dekklegging på to andre bitar av strekkja Bulken-Hamlagrø.

Utkvitne-Bulken

– Me skal også asfaltera ei 410 meter lang strekkja ved Utkvitno, og i tillegg ei 1160 meter lang strekkje på vegen nedover mot Bulken, seier Bergstø.

Her varslar vegvesenet at vegen kan verta stengd opp til ein time om gongen mellom klokka 05.30 om morgonen og 20.00 om kvelden i perioden frå måndag 17. september til fredag 21. september.

Utrykkingskøyretøy og bussar i rute vil likevel få passera, vert det understreka i ei lysing frå Statens vegvesen.

Torget-Sjukehuset

– Me har også eit asfalteringsprosjekt på Vangen, som vil bli teke i same løpet, opplyser Bente Bergstø.

– Dette gjeld strekkja mellom Vekselbanken og Voss sjukehus. Også dét skal etter planen fullførast i løpet av september og tidleg oktober. Men med alle desse prosjekta kan timeplanen verta justert undervegs. Kva eksakt dato dekklegginga er fullført, er såleis uråd å seia i dag, gjer byggjeleiar Bergstø klart.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.