KRITISKENyhende
Ordet fritt:

Veg og bane Arna–Voss

Regjeringa ved samferdsleminister og næringsminister tromma saman til pressekonferanse i desember 2015 på Arna stasjon.

AV
Publisert

Gleda var stor då dei gav Jernbaneverket og Statens vegvesen i oppdrag å planleggja ny veg og bane mellom Arna og Stanghelle. Ein skulle leggja konseptet K5 til grunn. Statleg plan skulle nyttast.

At etatane også skulle gå rett på reguleringsplan var eit heilt klart uttrykk for eit høgt ambisjonsnivå: det hasta for regjeringa.

Me roste regjeringa for ei framifrå avgjerd og djerv satsing. Samstundes gav me uttrykk for at dette var ein av dei største dagane i våre politiske liv.

Ein trygg E16 og ein moderne Vossabane har vore høgt prioritert arbeid for oss i høve skiftande regjeringar. Regjeringa svarte godt opp KVU-en etatane hadde arbeidd med sidan 2011, og som samferdsleministeren fekk 1. april 2014.

Flagget gjekk til topps ved heradshuset på Dale då etatane (Bane Nor og Svv) la fram sitt forslag til Nasjonal transportplan (NTP) for 2018–2029 i februar 2016. Veg og bane Arna–Stanghelle låg inne. E16 var føreslått som bunde prosjekt. Oppstart i fyrste periode som rett nok var utvida frå 4 til 6 år.

Nedturen var desto større då listetoppane til Høgre, Frp, KrF og Venstre med statsministeren i spissen presenterte stortingsfleirtalet sine satsingar i det politiske framlegget til NTP 29. februar 2016. Ingen midlar til Arna-Stanghelle i fyrste periode.

Statens vegvesen og Bane Nor la fram sitt framlegg til planprogram for reguleringsplan (plan for planen) i april 2018. I all hovudsak føresler etatane gode og framtidsretta løysingar. For Vaksdal og Voss kommunar er det viktig at ein fell ned på løysingar som:

■ Støttar opp om dei regionale planane for Bergensområdet for transport og arealbruk.

Saken fortsetter under annonsen.

■ Skapar gode vilkår for regionutviding austover frå Bergen.

■ Legg til rette for sentrumsutvikling rundt stasjonane. E16 må difor gå utanom sentrum i bygdene.

■ Unngår å skapa auka behov for transport lokalt.

■ Byggjer opp om miljøretta pendling.

■ Minimerer barriereverknadene i stasjonsbyane.

■ Minimerer støy.

Strekninga Arna–Stanghelle skal løysast med statleg plan. Ein har òg vald å gå rett på reguleringsplan. Dette har skapt ein del utfordringar i planarbeidet som vanlegvis finn sine løysingar i ein kommunedelplan. Difor må arbeidet med kommunedelplan for strekninga Stanghelle–Voss koma i gang. Her må ein leggja alternativ K5 i KVU for Arna–Voss til grunn for planarbeidet.

Eirik Haga (Ap), ordførar i Vaksdal og Hans-Erik Ringkjøb (Ap), ordførar på Voss

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.