HAUSTNyhende

Vått og kaldt i helga

I helga er det venta regn, vind og kanskje torevêr.

AV Marita Saue Hamre
Publisert
Oppdatert:

– Det kjem regnbyer både fredag og laurdag, og det er venta temperaturar mellom åtte og ti grader, seier statsmeteorolog Gunnar Livik hjå Vêrvarslinga på Vestlandet.

Det blir ikkje like kraftige regnbyer i helga slik det har vore i veka.

– Dersom me er heldige kan det bli periodar med opphald sundag ettermiddag, fortel Livik.

Snø i fjellet

– Det kan koma snø heilt ned til 1000 meter over havet.

Truleg vil snøen leggja seg for ein periode.

– Det blir vanskeleg køyreforhold over fjellovergangane, og me oppmodar om vinterdekk, skriv Statens vegvesen på Twitter.

Betre vêr framover

Det blir lite eller ingen nedbør natt til sundag, og utover sundag ettermiddag.

– Det er fordi det kjem inn ein varmfront, som også gjev oss temperaturar opp mot 17 til 18 grader til veka, seier statsmeteorolog Livik.

Utover veka er det meldt mildare vêr, og truleg mindre nedbør enn med helga.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.