ULUKKESSTADENNyhende

Vart fråteken førarkortet etter trafikkulukke i Eidfjord

Den eine sjåføren er fråteken førarkortet etter trafikkulukka i Eidfjord tysdag føremiddag.

AV Lars Olve Hesjedal
Publisert
Oppdatert:

Ulukka skjedde ved Halne Fjellstove, 150 meter frå grensa til Buskerud.

- Ein bil vart påkøyrd bakfrå då sjåføren skulle svinga av vegen. Sjåføren i den bakarste bilen er fråteken førarkortet fordi han ikkje var merksam nok, og ikkje passa på å halda avstand til bilen framføre, seier politibetjent Vegard Røthe ved Voss lensmannsdistrikt.

Det var tre personar i den eine bilen og fire i den andre.

- Ein person vart køyrd til Voss sjukehus for sjekk. Alt ser ut til å ha gått bra, legg Røthe til.

Sjuketransporten skjedde i drosje.

Begge bilane fekk seg ein god smell i sida i samband med kollisjonen, og vart henta av bilbergar.

Politiet melde om saka klokka 12.46 tysdag.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.