17. MAI PÅ DALENyhende

Variert 17. mai-feiring i Vaksdal kommune

Sol frå ein skyfri himmel frå morgon til kveld, mykje folk ute, og nasjonaldagen vart markert på tradisjonelt vis i Vaksdal og Modalen.

AV Jan-Egil Dyvik
Publisert
Oppdatert:

Det var ein kjølig vårmorgon, men det ordna seg etter kvart som sola fekk tak mellom fjella og langs med fjorden.

På Dale var mange med i folketoget, som hadde ei litt anna rute i år enn alle andre år, ifylgje programmet. I alle fall enda toget opp i fleirbrukshallen Turbinen, der det var leik og moro og tale for dagen av Jeanette Eriksen.

Vaksdal

På Vaksdal gjekk toget den vande ruta si, og enda til slutt på senterplassen. Her var det Anne-Elisabeth Øyrehagen Akselvoll som heldt talen for dagen, og ho snakka om tre sentrale ord.

Nemleg samhald, mangfald og nestekjærleik, som var kjennemerke for vaksdalsamfunnet. Ho er også nestleiar i ungdommen sitt fylkesutval i fylket, og ho har ordet i si makt, trass sin unge alder, ho har vel arva litt etter faren sin.

17.mai-feiring i Vaksdal og Modalen kommune

Stanghelle

Vaksdal musikklag reiste til Stanghelle denne gongen, og hjelpte Dale musikkforming med musikken i toget.

Samarbeidet var svært vakkert å høyra på, og dei fekk også velfortent applaus etter Gammel Jægermarsj, før toget sette seg i rørsle og gjekk frå Coopen til skuleplassen, der Ole Hesjedal heldt tale for dagen

Stamnes

På Stamnes gjekk også det aller meste i tradisjonelle former. Einaste må vera hesteskyssen, som ein av dei unge fekk frå kyrkja inn til skulen i Sanden.

I år var det ikkje utdeling av Ja-prisen, noko som har vore ein tradisjon dei siste åra.

Modalen

I Modalen heldt Gunhild Steinsland tale for dagen, og heile området var velsigna med vakkert ver denne gongen.

Eit ypparleg bundasvêr hadde vêrdama forkynt på førehand, men det spørst om ikkje det vart varmt nok bak bringeklutar og stakkar og bunader då det leid på dagen.

I dei aller fleste bygdelaga vart dagen avslutta med fakkeltog.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.