Vallaviktunnelen opna attNyhende

Vallaviktunnelen opna att

Tunnelen er no opna etter å ha vore stengd fleire timar

AV Kristoffer Bøe Geitle
Publisert
Oppdatert:

Ein lengre periode i natt vart Vallaviktunnelen stengd. Årsaka var ein bil som hadde stogga. VTS stengde tunnelen og politiet kom på plassen.

Årsaka til stoggen var at bilen mista boltane på eina hjulet slik at hjulet stod skeivt. Bergingsbil vart send bod på.

Klokka 6:54 rapporterte politiet på Twitter at VTS har opna vegen att.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.