SKAPTE BRÅKNyhende

Vald mot NSB-personale på Voss

Ein mann skapte bråk på Bergensbanen onsdag kveld.

AV Marita Saue Hamre
Publisert
Oppdatert:

Rett før midnatt fekk politiet melding om ein mann som skapte bråk på toget på Bergensbanen mellom Oslo og Bergen. 

– Ein mann i 30-åra vart teken av politiet på toget som kom frå Oslo, skriv politiet på Twitter. 

Han vart arrestert på toalettet i ei togvogn på Voss stasjon.

– Då politiet på Voss vekte han på toalettet vart han sint og hissig, og måtte bli tatt hand om av politiet, seier politioverbetjent Håvard Skattum hjå Voss lensmannsdistrikt. 

Vald mot personale

Mannen, som har adresse på austlandet, skal ha hamna i ein krangel med personale i kiosken på toget. 

– Han slo til betjeninga i kiosken, men ingen vart skadde av slaget, seier Skattum.

Personen var full då politiet henta mannen på Voss stasjon, rundt klokka 00:17 torsdag.

– Mannen er meld for vald mot personale på toget, ordensforstyrringar og for å ha vore til ulempe for politiet. 

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.