Ulvik feira med stil

– Me lever på den grønaste av dei grønaste greiner i verda, sa ordførar Hans Petter Thorbjørnsen då han la ned krans ved veteranbautaen i Ulvik.

AV Sigrid Seim
Publisert
Oppdatert:

– Me er heldige. Krig er eit fjernt minne, for dei fleste av oss. Men det er likevel ikkje langt frå oss. Me har innbyggjarar som har opplevd krig på nært hald, og som har lagt ut på ei lang fluktrute for å koma hit. Dei søkjer fred og tryggleik.

Ordføraren minna om forfedrane som har kjempa og gjeve sitt liv for fred. Arbeidet må me halda fram, for alle kan gjera litt. Me kan byrja med oss sjølve, meinte han.

Etter samlinga ved bautaen kunne trommeslagar Peter Olai Batta Solheim og dei andre i skulemusikklaget halda fram med nye oppdrag, i barnetoget og folketoget, på sjukeheimen, skulen og til sist i Elvatun. Han har vore med i korpset i vel eitt år, og synest det er gøy å spela. Men han er ein av få på skulen som er med i korpset for tida, dei fleste andre er vaksne.

– Det er plass til fleire, hintar mor hans, i bakgrunnen.

Rundt dei bunadkledde går nederlandske Marijke de Jong og fotograferer ivrig. For 27 gong har ho og mannen kome til Noreg i eigen båt. Denne gongen ville ho heilt til Ulvik, og slår fast at dette er ei perle!

Ikkje lenge etter har det samla seg bygdefolk i alle aldrar, og er klare for barnetog. Skulemusikklaget spelar opp, og med flaggborga fremst går dei den kjente ruta om Promenaden og innover mot Prestagarden. Sjukeheimen er målet, der dei tradisjonen tru skal ha neste samling.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.