KONTROLLNyhende

Tunge køyretøy fekk bruksforbod

Det skjedde då Statens vegvesen hadde kontroll med fokus på bremser.

AV Siri Flatlandsmo
Publisert
Oppdatert:

Onsdag 17. juli hadde Statens vegvesen kontrolll av tungtransport. Dei kontrollerte både køyre- og kviletid, samt vekt på køyretøya. Kontrollen hadde fokus på bremser.

Kontrollen føregjekk på Bergen trafikkstasjon, der totalt tjue køyretøy blei kontrollerte.

Bruksforbod og tekniske manglar

Resultata vart at to sjåførar fekk skriftlege advarslar for brot på køyre- og kvilebestemmelsane.

Vegvesenet skreiv ut bruksforbod på brems, dekk, og påpakking for øydelagt luftbelg.

Vegvesenet registrerte også tekniske manglar på brems, ABL-plate, dekk og ein lekkasje i kardangen.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.