VELTNyhende

Trygt i land etter velt i Vangsvatnet

Politiet rykte ut etter at ein kano velta i Vangsvatnet.

AV Sjur Tveito
Publisert
Oppdatert:

Klokka 12.34 laurdag melde Vest politidistrikt på Twitter at dei rykte ut på ein kano som hadde velta i Vangsvatnet. 

Nokre minutt seinare då politiet var på staden, hadde dei to personane som hadde vore i kanoen kome seg på land, beggje uskadde, ifylgje Vest politidistrikt.

Personane som hamna i vatnet var to utlendingar. Dei kom seg på land på eige hand. 

– Overvekt på eine sida av kanoen er mest sannsynleg grunnen til at dei hamna i vatnet, fortel Jens Petter Gravning ved Voss lensmannskontor.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.