LUFTIG FERDNyhende
Motorsykkelsesongen er i gang:

Trygg Trafikk ber om varsemd

Dårlegare vegar etter vinteren gjev krevjande køyreforhold, og Trygg Trafikk ber om ekstra varsemd no som MC-sesongen er i ferd med å starta for fullt.

AV NPK-NTB
Publisert

– I år som i fjor ligg det igjen grus og restar etter vinterfesten på vegane. Det gjer ofte at veg­grepet er meir uføreseieleg enn på sommaren, seier Bård Morten Johansen, seniorrådgjevar i Trygg Trafikk i ei pressemelding.

Kombinasjonen av salting og nattefrost kan dessutan gjera asfalten glatt. Trygg Trafikk oppmodar motorsyklistar til å køyra forsiktig.

– MC-køyring er såpass krevjande at du må halda ved like ferdigheitene dine. Med lengre avbrekk treng du ein tilvenjingsfase for å koma deg opp igjen på same nivået som i fjor, seier Johansen.

Han ber bilførarar vera obs på at det vil bli fleire motorsyklar på vegane i tida framover.

I 2017 omkom til saman 19 motorsyklistar i trafikken. Til no i år har éin motorsyklist om­komen.

Til saman har 16 personar mista livet på ­norske vegar så langt i år. Det er ifylgje Statens vegvesen det lågaste talet på over 70 år. I fjor på same tid hadde 18 personar omkome.

I mars mista to personar livet i trafikken, mens det i snitt har omkome ni personar i mars dei siste fem åra.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.