Tre utøvarar fekk Highland-staupet 17. mai

Sjur Røthe, Vinjar Slåtten og Lars Erik Skjervheim fekk alle tildelt Highland-staupet for framifrå prestasjonar innan vinteridrett på det årlege 17. mai arrangementet på Idrottsplassen.

AV Bjørn Sandnes
Publisert
Oppdatert:

– Å vinna denne prisen er det næraste ein kjem «Hall of Fame» innan idrett på Voss, sa prisutdelar Vidar Skeie, som er leiar i Voss kommune sitt miljø- og kulturutval.

Prisen vert delt ut til utøvarar som har utmerkt seg innan vinteridrett. Berre to gonger før har det skjedd at tre utøvarar har fått denne prisen i same året. Fyrste gongen det skjedde, var i 2002 då Highland-staupet vart tildelt Kari Traa, Egil Gjelland og Kristen Skjeldal.

Også i fjor valde miljø- og kulturutvalet å gje han til tre utøvarar: Sjur Røthe, Hilde Fenne og Lars Erik Skjervheim. 

Vidar Skeie delte også ut Voss kommune sine idretts- og kulturstipend. Dei gjekk i år til Sigrid Bidne Horvei (kultur), Tonje Haukås Fosse (kultur) og Silje Fosse (idrett).

Minnepris

Torgils Bryn fekk Edvard B. Hegbom sin minnepris for sin innsats for idretten på Voss gjennom meir enn 20 år.

– Torgils Bryn har lagt ned ein stor innsats over lang tid, mellom anna i Viljar, i Voss Idrottslag og på krinsnivå, sa prisutdelar og leiar i Voss Idrottsråd, Olav Farestveit.

Historisk

Nils T. Bjørke trekte historiske liner i sin tale på Idrottsplassen.

Han peika på innsatsen som vossingen Brynjel Gjerager gjorde i riksforsamlinga på Eidsvoll for 204 år sidan, som har lagt grunnlaget for det demokratiske samfunnet me har i dag. Han nemnde også oldefar sin, Olav Bjørgum, som sat på Stortinget frå 1922 til 1927.

– Når eg ser på kva saker oldefar dreiv med for snart hundre år sidan, er det faktisk ikkje så stor skilnad på kva han var oppteken av og kva me gjer på Stortinget i dag, sa Nils T. Bjørke.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.