RYKTE UTNyhende

Til sjukehus etter krasj med hjullastar

To personar vart sende til sjukehuset etter ein kollisjon mellom personbil og hjullastar i Eidfjord.

AV Marita Saue Hamre
Publisert
Oppdatert:

Klokka 16.40 måndag melde politiet på Twitter at føraren av ein personbil har køyrd inn i ein parkert hjullastar.

– Det er to personar i personbilen, og føraren klagar på smerter i ei hand. Passasjeren er også skadd, opplyste politiet. 

Personane vart sende til Voss sjukehus.

Skjedde i Krossdalen

Politiet melde at ulukka skjedde 200 til 300 meter inn i Krossdalen.

– Det er store materielle skadar på personbilen. Airbagen vart utløyst, melde politiet.

Oljesøl på staden

Personbilen kom frå aust til vest, og krasja med hjullastaren som rydda snø over vidda.

Det vart litt oljesøl på staden etter ulukka.

Ein hjullastar er ei anleggsmaskin med hjul, som blir nytta til lasting og planering av jord, grus og stein.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.