I VOSSEFJELDENENyhende
Ordet fritt:

Sverre på fjellferd

Torsdag 9. august skreiv Hordaland to sider om kong Sverres ubedne gjesting på Voss. Det er gildt at avisa så gjer.

AV
Publisert

For oss litt opp i åra – berre litt, måta – var kong Sverre, mannen frå «utskjeret» Færøyane, som slo seg opp til konge, ein av dei store heltane. Det var Sverre saman med Fridtjof Nansen, Hjallis og Kupper’n, som gjorde det gjævt å vera nordmann.

Gildt er det òg at Hordaland illustrerer artikkelen med eit stort bilete av vår eigen Knut Bergslien. Per Sivle og dei to bergslibrørne, Brynjulf og Knut, var dei tre vossingane som gjorde mest for å byggja opp ei eiga norsk sjølvkjensle på 1800-talet. Det ein kallar nasjonsbygging.

Mange er historieinteresserte. Likevel lever me på mange vis i ei historielaus tid. Det er bra at Hordaland gjer sitt for å bøta på tilstanden. Rune Kyrkjebø som har hjelpt Hordaland med denne artikkelen, fortalde om Sverressoga på mellomalderseminaret her på Voss i mai. Vonleg kjem alle føredraga på seminaret ut i bokform om ikkje så altfor lenge.

No hadde eg sjølvsagt ikkje skrive i bladet om eg ikkje hadde funne eitkvart åfått. I teksten under eit bilete som syner lendet kring Vossaskavlen står der at her kan det vera at Sverre og birkebeinarane for då dei gjekk seg ville i snøstormen på tilbakeferda frå Voss. Dette held eg for svært lite sannsynleg.

Eg byggjer dette på Anders Ohnstad frå Aurland. Han var lektor på Voss gymnas i mange år. Han her skrive ein artikkel med tittel; «Kvar gjekk kong Sverre». Artikkelen er frå 1943, men ein finn han lettast i «Djup fjord og høg himmel. Festskrift til Anders Ohnstad 1991».

Mange hadde skrive om tilbakeferda til Sverre. Fyrst i artikkelen nemner Ohnstad seks personar som til saman hadde føreslege fem ruter. Kvifor har eg då meir tru på Ohnstad enn alle hine? Jau, Ohnstad er frå Aurland og er kjend i fjellet og kjenner til kva eldre folk hadde å fortelja om kvar vegane gjekk.

Sverre kom frå Valdres og skulle til Bergen. Han hadde håpa å få tak i skip i Lærdal, men der dukka motstandarane opp med 25 skip. Birkebeinarane laut då ta fjellet fatt, fyrst til Aurland og så til Voss.

Ohnstad reknar med at dei fylgde den vanlege vegen mellom Opplanda og Vestlandet den gongen, før der var farande veg gjennom Nærheimsdalen (Nærøydalen) og Stalheimskleivi. Vegen gjekk, her rekna frå vest mot aust, ut Rjoanddalen til Elvamotet, om Tyrva og Vassete og ned til Bjørndalen og Øyane og så ned til Flåm d.e. Flåm kyrkje, det eigentlege Flåm.

Då Sverre vart så ublidt motteken på Voss, skjøna han at fiendane visste om ferda hans, så det var uråd å komma overraskande på dei i Bergen. Han snudde då attende til Valdres og Opplanda. Ohnstad reknar med han tok same leia attende, altså den vanlege ferdslevegen. Sverresoga nemner at han tok med seg kjentmenn.

Saken fortsetter under annonsen.

Dette var heilt i slutten av oktober og på fjellet kom uvêret på dei. Dei sleit seg fram i tre-fire dagar, folk og hestar fraus i hel. Vegvisarane sa dei ikkje visste kvar dei var. Så kom dei ut på nokre hamrar og gav opp. Då var det Sverre tala til mennene sine og bad til Gud. Straks lyste det opp og vinden stilna. No fekk alle visse for at Gud heldt med Sverre og ikkje med bispane. No forstod kjentmennene kvar dei var. Dei hadde gått på tvert av leia og var komne for langt nord.

Men her var det råd å ta seg ned, fyrst til nokre stølar og så til ein einsleg fjellgard. Der kunne dei kvila før dei gjekk vidare til Brekke i nedste enden av Flåmsdalen og seinare til Aurlandsvangen og over fjellet til Lærdal og så til Valdres.

Ohnstad samanliknar skildringane i soga med lendet i fjellet og kjem fram til at dei må ha gått i miss nær Elvamotet og så komme til Soleifletene og til sist utpå nokre hamrar i botnen av Husdalen. Når det så lyste opp såg vegvisarane kvar dei var, og kunne leia birkeinarane ned til stølane Lintuv og Håvasete og fjellgarden Frondal. Då dei så var utkvilte, kunne dei gå vidare til Brekke.

Eit viktig argument for at Ohnstad vel den ruta han gjer, er kontinuiteten i namnebruken. Sverressoga fortel at birkebeinarane for om Raudafjall. Midt inne i fjellområdet mellom Flåmsdalen, Raundalen og Nærheimsdalen ligg Raudeggi, raud på let. Raudeggi må vera det gamle Raudafjall.

Ovanfor nemnde eg at Ohnstad refererer til at mange har hatt meiningar om kvar Sverre for. Mange av desse legg ruta lenger sør, om Ugjerdsdalen-Kårdal, der det er særs ulendt, eller endå lenger sør, om Vossaskavlen og Aurlandsdalen. Biletteksten i Hordaland 9. august nemner det sistnemnde.

Ohnstad meiner desse rutene er for ulendte og ikkje minst for lange til at utspelte, kroka og utsvelte folk, truleg utan ski, kunne gå dei på tre fire dagar.

Å gå i miss i mjøllaroket inne med Elvamote, der lendet er heller flatt er ein ting. Å bomma på Rjoanddalen eller til og med rota seg opp på Vossaskavlen er noko anna. Me må rekna med at dei prøvde halda stuttaste vegen.

Stuttaste og greiast vegen er den eg har referert etter Anders Ohnstad ovanfor.

Aslak L. Helleve

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.