Sterk vind og dårleg sikt gav stengd veg

Riksvegen vart stengd på grunn av dårleg vêr fredag.

AV Marita Saue Hamre
Publisert
Oppdatert:

Klokka 01.16 natt til fredag melde Vegtrafikksentralen Vest at riksveg 7 over Hardangervidda vart stengd.

– Sterk vind og svært dårleg sikt nokon stader gjev stengd veg over vidda, skriv dei.

Sidan torsdag ettermiddag har det vore kolonnekøyring for alle køyretøy over fjellet.

Vegen opna att i 16-tida fredag.  

Kolonne over Hemsedalsfjellet

På Hemsedalsfjellet vart det innført kolonnekøyring fredag ettermiddag, men nokre timar seinare vart fjellovergangen opna. 

Snø- og isdekke

Klokka 05.30 skriv Statens vegvesen på nettsida si at det er vekslande bert og isdekke over E16 Filefjell og Hol-Aurland.

– Det var -1 grad, sterk kuling og opphaldsvêr.

På europaveg 134 over Haukelifjell er det liten storm, skya og lett yr.

Over Vikafjellet er det -1 grad, lett bris og opphaldsvêr fredag morgon.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.