SPORTSBILAR TIL VOSSNyhende

Sportsbilar inntek vossebygda

Denne helga kan du sjå nokre heilt spesielle bilar på Voss.

AV Ingvild Siglen Berger
Publisert

Då kjem nemleg 54 forskjellige bilar med sjåførar og passasjerar, totalt over 100 personar, til Voss i høve Norsk Sportsvogn Klubb sin Vårtur 2018.

Turen startar i Drammen dagen før, og laurdag ettermiddag kjem bilane til Voss der deltakarane skal overnatta på Fleischer’s Hotel. Før den tid skal dei til Stalheim.

Sosial gjeng

På Vårturen har dei fire dags­etappar totalt, kvar av dei på omkring 250 km.

– Det er hovudsakleg par som deltek i alderen 30–70 år. Det er ein veldig sosial gjeng, og mange har delteke i fleire år. Samstundes er det òg nye deltakarar kvart år, opplyser Hans Jørgensen i turkomiteen.

Mellom biltypane finn du mellom anna fleire typar Porsche, Jaguarar, Corvette, ein Aston Martin Vantage frå 2008 og ein Ferrari 458 frå 2010.

Naturopplevingar

Bilinteresserte kan sjå bilane oppstilte ved Fleischer’s, heilt fram til dei reiser vidare klokka 10 sundag.

Då går turen over Vikafjell og langs Sognefjorden inn til Årdal, før dei skal køyra over fjellet til Fagernes.

Deltakarane er hovudsakleg frå Austlandet, i tillegg til nokre frå Vestlandet. Norsk Sportsvogn Klubb vart etablert i 1977 og har om lag 1100 medlemer.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.