MINKARNyhende

Snøen minkar på Rallarvegen

Det har aldri vore mindre snø på Rallarvegen så tidleg i juni, melder Haugastøl turistsenter i sin Rallarvegrapport.

AV Sigrid Seim
Publisert

Den uvanleg varme våren har sett fart i snøsmeltinga, og gjort at lange parti på Rallarvegen alt er farande. Mellom Haugastøl og Finse var det før helga att 3–400 meter med snø på vegen. Det vil vera greitt å ta seg fram for syklistar med lett bagasje og gode sko.

Innan ei veke vil det truleg vera snøfritt på heile strekkja.

Mellom Finse og Hallingskeid er det framleis for mykje snø til at det er tilrådd å sykla. Det er omtrent like mykje snø som det er berr veg, men det er like fullt rekordlite snø til å vera så tidleg i juni, går det fram av den ferske Rallarvegrapporten.

Med normal snøsmelting kan det vera framkomeleg i slutten av juni.

Mellom Hallingskeid og Flåm er det derimot heilt fritt for snø i vegen, og framkomeleg for alle syklistar. Det er likevel strekningar der det er tilrådd å trilla sykkelen, fordi snøsmeltinga har sett sine spor.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.