17. MAINyhende

Slik blir nasjonaldagen på Voss i år

God stemning, gågate i Vangsgata og ikkje sal av heliumballongar er nokre av stikkorda for årets 17. mai.

AV Marita Saue Hamre
Publisert
Oppdatert:

– Fyrst og fremst ynskjer me å ta vare på tradisjonane rundt feiringa på Voss, og at alle skal få ei fin 17. mai-feiring, seier Elin Klette, leiar i 17. mai-nemnda.

Viljar IL er i år arrangørane bak 17. mai-feiringa på Voss, og har blant anna planlagt å stengja Vangsgata for biltrafikk.

– Me synest det er flott at me har fått løyve til å stengja Vangsgata, slik at det vert ei roleg og koseleg gågate på dagen.

Vangsgata vert difor stengd frå VIMI-bygget til Blomehjørna frå morgonen av og til etter folketoget på 17. mai.

– Gata blir stengd for å gjera gata tilgjengeleg for folk flest denne dagen, som trass i er ute og går i gatene, og ikkje er i bil.

Ikkje sal av heliumballongar

Fleire har oppmoda at det ikkje vert sal av heliumballongar denne dagen, og det same tykkjer dei i 17. mai-nemnda.

– Viljar IL vil ikkje selja heliumballongar, og ynskjer heller ikkje at andre skal gjera det på Vangen med omsyn til klima og nærmiljøet.

Saken fortsetter under annonsen.

Nemnda har registrert at fleire skal ha kasta egg og vassballongar på russen, som òg trefte andre i nærleiken under feiringa av nasjonaldagen i fjor.

– Viljar IL vil oppmoda på det sterkaste om at det ikkje vert kasta egg eller vassballongar på russen i folketoget. Me ynskjer ikkje at folk skal få nasjonaldagen og bunader øydelagde.

Årets 17. mai-talar

På nasjonaldagen skal Nils T. Bjørke halda den tradisjonelle 17. mai-talen.

– Eg har stor respekt for oppdraget. Å halda 17. mai-tale i heimbygda er ei utfordring som eg ikkje klarte å seia nei til, seier Bjørke til Anne Rivenes i programheftet.

Talen vert held i forbindelse med høgtiding av dagen på idrettsplassen kl. 15:00.

Utsal ved Tinghuset og på Torget

På grunn av anleggsarbeid på Prestegardslandet blir det ikkje utsal av kioskvarer ved Utescena i år.

– Me skal heller laga til utsal på Tinghusplassen, og på Torget. Elles skal det bli ein fin dag for alle å vera ute og kosa seg, avsluttar Klette. 

17. mai-program

  • 07:00 Salutt
  • 10:00 Barnetoget startar
  • 12:00 Kransing av minnesmerke og monument
  • 12:45 Russetalar på Tre Brør
  • 14:00 Folketoget startar
  • 15:00 Høgtiding av dagen på idrettsplassen

Sjå heile programmet for nasjonaldagen i heftet «17. mai-programmet» som vert selt på Vangen.  

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.