BESTNyhende

Skjoldli til topps i Hemsedal

Emma Skjoldli frå Bulken vann kvinner juniorklassen i Hemsedal Rulleskifestival i helga.

AV Sjur Tveito
Publisert
Oppdatert:

– Det var veldig hardt, men god trening til Blinkfestivalen og Lysebotn opp som er i august, seier Emma Skjoldli.

Rulleskifestivalen gjekk over tre dagar.

Fredag 6. juli var det sprint i fristil på programmet, laurdag var det fellesstart 20 km klassisk og på sundag avslutta dei med jaktstart 5 km fristil.

– På laurdag var det 20 km klassisk, men då vart det litt tungt å henga på seniorane så eg vart litt bak der, seier Skjoldli.

Vann alle renna

Skjoldli vann alle renna ho gjekk, og vann då og samanlagt etter tre etappar med tida 01:24:47.

– Det var litt tynn deltaking, men likevel fint å få litt konkurranse i løpet av sommaren.

Motstandaren Guri Sollien Hulbak låg bak med tida 01:37:48.

Til saman var to juniorar med, og tre seniorar med i kvinneklassen.

– Det var eit veldig bra arrangement, og eg synest fleire burde tatt turen for å vera med. Det er ikkje så langt frå Voss, oppmoda Skjoldli.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.