– Det er godt å treffa folk i same situasjonen som ein sjølv, seier damene. Frå venstreNyhende

Skaper møteplassar for MS-ramma

I Bergen samlast MS-ramma fleire gonger i månaden. No er tilbodet også kome til Voss.

AV Stine Strand Carlsen
Publisert
Oppdatert:

– Det er mange med MS som sit rundt omkring og saknar eit nettverk. Det ville me gjerne noko med, seier Jannicke Andersen i Bergen og Hordaland MS-foreining.

Sjølv fekk ho diagnosen i 2011, og symptoma starta med prikking i hendene.

– Symptoma på MS varierer frå person til person. Nokre opplever prikking eller nummenheit, nokre opplever synsvanskar. MS kan ramma i alle aldrar, og ein må leva med det resten av livet, seier Andersen.

Møter likesinna

Multippel sklerose (MS) er ein kronisk betennelsessjukdom i sentralnervesystemet. Ofte fører sjukdomen med seg utmatting, og sjukdomen kan gjera det vanskeleg å vera sosial.

Fleire gongar i månaden har Bergen og Hordaland MS-foreining invitert til kafébesøk og andre aktivitetar for likesinna.

– Her møter ein folk i same situasjonen, og det er heilt opp til deg sjølv om du vil gå. Om ein avlyser om ein har ein dårleg dag, er det ingen som dømmer deg for det, seier Andersen.

Det fyrste kafémøtet på Voss vart halde på Kafe Stationen måndag.

– Me har mange medlemer på Voss og i nabokommunane, men mange synest det er for langt å reisa heilt til Bergen for å treffast. Difor testar me ut interessa her no, seier Andersen.

Saken fortsetter under annonsen.

– Ein flott møteplass

Og interessa må seiast å vera god.

– No fyrste gongen er me 10 stykk, og det synest eg er bra. Det er om lag så mange som me plar vera på treff i Bergen. No får vonleg også fleire høyra om dette på Voss og i nabokommunane, og det er berre å melda seg på. Ein kan også ta med seg ein ven om ein ynskjer det.

Ingvild Seljeseth Winter frå Ulvik er glad for at det har kome eit slikt tilbod til Voss.

– Eg synest dette er veldig kjekt. Her kan me utveksla erfaringar og får nye vener. Dette er ein flott møteplass, seier Winter, som har hatt MS i to år.

Nye treff

Neste kafemøte vert 6. november på Voss.

– Me håpar at endå fleire vil koma hit og ha det kjekt saman med oss. Her er alle hjarteleg velkomne, seier Andersen.

Foreininga planlegg også yoga og symjing i Vossabadet.

– Men – det er avhengig av at me har nok midlar til å få gode avtalar. Dersom kommunen eller det lokale næringslivet på Voss vil støtta oss i noko av dette, hadde me blitt veldig takknemlege, seier Andersen.

Multippel sklerose

  • Ein kronisk betennelsessjukdom i sentralnervesystemet.
  • Dei vanlegaste symptoma ved MS er utmatting (MS-fatigue), skjelving, kog- nitive forstyrringar, gangvanskar, redusert syn, muskelsvakheit, endra føle- sans og koordinasjonsvanskar.
  • Det finst ulike gradar av sjukdomen, der nokre er ramma hardare enn andre.
  • MS kan oppstå i alle aldrar, men vanlegvis mellom 20 og 50 års alder.
  • Fleire kvinner enn menn er ramma av sjukdomen.
  • Kjelde: Norsk helseinformatikk, nhi.no

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.