FRAKTANyhende
Ulukke i Odda:

Sju sende til Voss sjukehus etter kollisjon

Alle skal vera medvitne etter ei trafikkulukke utanfor Håratunellen i Røldal onsdag kveld.

AV Siri Flatlandsmo
Publisert
Oppdatert:

Klokka 19.39 melder politiet om at to personbilar har kollidert utanfor Håratunellen i Røldal som ligg i Odda kommune, på E134. Det skal ha vore svært glatt på staden.

Mista kontroll over bilen

– Føraren av dei eine bilen har mista kontrollen over køyretøyet. Deretter har bilen sklide over i motgåande køyrefelt og treft den andre bilen, skriv Vest politidistrikt på Twitter.

Ifylgje Bergens Tidende var dei involverte fem born og to vaksne. Ein person sat fastklemd i bilen, men vart løyst ut då naudetatane kom til staden.

Til saman var det sju personar i dei to involverte bilane.

Vegen open att

Klokka 20.33 melder politiet at vegen er open for ferdsle etter ulukka. Bilbergar har henta dei involverte bilane. Politiet opprettar sak.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.