RASNyhende

Ras stenger veg på Stanghelle til måndag

Torsdag gjekk det eit stein- og jordras på Brekkjen på Stanghelle. Vegen er stengt til måndag.

AV Ingvild Siglen Berger
Publisert
Oppdatert:

Ordførar i Vaksdal, Eirik Haga, melder at det fyrst gjekk eit ras med lausmassar klokka 11.35, før det kom eit steinras 20 minutt seinare. Ingen skal ha vorte skadd.

Kommunen var raskt på staden og fekk stengt vegen, før geolog var på plass klokka 12.45. 

– 3 bebuarar i eit hus er evakuerte og blir det til måndag, opplyser Haga.

Elles er alle som bur i Træshaugen bedt om å køyra ut bilane sine og parkera dei utanfor området. Dei har lov til å gå der, men vert oppfordra til å bruka undergangen ved Lågaskartunnelen.

Akutt situasjon

Vegen der raset har gått er brukt som skuleveg for fleire born, og er ein kommunal veg.

– Skulen har haldt elevane inne heile dagen og rettleia dei til å gå andre ruter heim, fortel ordføraren.

Måndag skal geolog vurdera situasjonen på ny.

– Me har ein akutt situasjon og den steller me oss til. Me opnar ikkje før geolog har vurdert det som trygt, understrekar Haga.

Skal utbetra vegen

Steinraset som gjekk torsdag, skal ha kome ned i same område som det ramla ned stein i vinter.

Ordføraren opplyser at kommunen vil gå vidare med å få laga ei geologisk vurdering av området i samband med at dei skal utbetra vegen.

– Me er opptekne av å gjera vegen og området så trygt som mogleg for dei som bruker vegen og bur der, melder Haga.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.