Professor saksøkjer staten

Professoren frå Voss som vart sparka frå Universitetet i Stavanger, saksøkjer staten og meiner universitetet gav han sparken på ulovleg grunnlag.

AV Ingvild Siglen Berger
Publisert

Gjennom advokaten sin, Kjell M. Brygfjeld, har han sendt ei stemning til Oslo tingrett mot Kunnskapsdepartementet (KD), fordi det var KD som avslo klagen på at han fekk avskil frå jobben.

Han ynskjer dermed å prøva saka i retten, skriv NRK Rogaland, som fyrst melde saka.

Sende meldingar

Professoren fekk sparken etter at det vart kjent at han hadde sendt grove seksuelle meldingar til fleire kvinnelege studentar. Det vart bestemt på eit møte i Ansettelsesutvalget på UiS i november i fjor.

Ifylgje NRK meiner professoren at UiS gav han sparken ut ifrå skjønn, ikkje fakta.

– I det store og heile har eg ikkje dårleg samvit på den måten at eg synest eg har gjort noko veldig alvorleg mot nokon som helst, seier den tidlegare professoren til NRK.

Samansett

Dei seksuelle meldingane skal visstnok berre vera noko av årsaka til at professoren fekk sparken. Interne tilhøve skal også ha bidrege til avgjersla, skriv NRK.

Professoren meiner UiS har bygd opp ei avskilssak der dei har leita fram hendingar frå fleire år tilbake, og at dei har brukt statsansattelova feil. Sjølv er han tydeleg på at han aldri har trakassert eigne studentar eller vore i konflikt med kollegaer.

– Eg hadde ikkje kjempa for denne saka viss eg hadde visst at eg har drive med trakassering av studentar og kollegaer, seier han ovanfor NRK, og legg til:

– Men eg kan seia at eg har vore uvøren og uforsiktig i bruken av sosiale medium, heilt klart.

Ingen kommentar

I retten vil professoren og advokaten hans også argumentera for at UiS ikkje gav han nok moglegheit til å bli kvitt alkoholproblemet sitt.

UiS-rektor Marit Boyesen vil ikkje kommentera skuldingane frå professoren, og seier til NRK at dersom ei stemning kjem, vil dei ta det til orientering. KD seier i ein e-post at dei ikkje har nokon kommentar, sidan saka skal opp for retten.