ETTERFORSKARNyhende

Politiet opprettar sak etter trafikkulukke

Ein person er køyrd til Voss sjukehus etter ei trafikkulukke på Lofthus sundag kveld.

AV Geir Geitle
Publisert
Oppdatert:

Politiet melde på Twitter klokka 19.46 sundag at ein bil hadde køyrt av vegen og ned i ein frukthage.

Det var éin person i bilen.

Personen vart køyrd med ambulanse til Voss sjukehus.

Naudetatane rykte ut

Politiet opprettar sak etter ulukka, melder dei på Twitter.

Naudetatane var på staden etter ulukka.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.