PARKERINGNyhende
Kvitanesen:

Parkering på Vangen

Eg skulle berre so snarast hegom til bokhandlaren for å sjå etter om han hadde Parkepenn.

AV
Publisert
Oppdatert:

I han er det som de veit mange mil. Eg var nettopp starta opp ei soga om brislingfisket i fjorden på sekstitalet då eg gjekk tom for blekk. Eg kasta bilen inn i ei glenna utanfor Loven og gjekk det vesle stykkjet mot kyrkja. Det skulle berre ta to minutt.

Men so bar det slik til at eg kom i prat med henne som står bak disken i bokhandlaren. Jenta totte vel om det eg skreiv i bladet. Eg raudna på halsen der eg stod, men vart snart vist inn på bakrommet til Ullestaden.

Kontoret hans var ikkje av det prangande slaget, men enkelt som det høver ein bokorm. Me kom i prat om gymnasdagane, om Inga og Moldekleiven, Reimen og Slåttelid og alle dei andre i den lektorale eliten på Voss i dei dagar alle var imot å innføra femdagarsveke, og parade var ein mykje brukt straffemetode på gymnaset.

Utattkomen vart eg kaffi­tyrst og gjekk opp steintrappa til Tre brør der det sat ein utmagra felespelar frå Volda og togg på eit tebrød. Me kom i prat om ungdomstida vår i Bergen og dei lange køane utanfor Bangla. Du hendelse for gyldne tider!

Opp troppa kom so ein sprek medisinmann frå heimbygda med kona, og me gav oss i snakk om hofter og kunstige ledd av alle slag. Ein veit aldri når knitta møyrnar under ein. Me fann fort ut at me var i slekt og klaga på dei lange kaffikøane på kafeen. Me vart einige om at kaffien skulle vera svart og sterk, ikkje søte kunstverk. Det hadde me på veggen heima. Eg hadde til og med besten måla av Lars Osa og fjell måla av far hans over teakbordet. Slik gjekk tida.

Ferdig til å gå kom ei fager vossadros ut døra med flagrande hår og levande latter. Eg fekk klem og kroppskontakt med det same, og jenta baud på kakemann og kakao i det nye huset sitt nedafor pensjonatet. Ho var visst utdanna psykolog og eg tenkte det kunne vore fint å prata litt med ein slik ein. Det er ikkje alltid so mykje å få ut av dyrlege Johan Børsheim om vanskelege mellommenneskelege tilhøve.

Etter to timar kom eg attende til bilen. Det kosta meg 600 kroner. Det var billeg for so mykje moro.

Kvitanesen

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.