KVA SKAL DEI HEITA?Nyhende

Over 2000 stemmer på kabin-namna

Stemmene er talde opp, og dei ni fjellnamna til kabinane på Voss Gondol er valde ut.

AV Marita Saue Hamre
Publisert
Oppdatert:

Namna på dei ni kabinane kjem til å bli offentleggjort i ei direktesending på www.avisa-hordaland.no frå opningsdagen av Voss Gondol i veke 28.

– Det har vore eit stort engasjement, og me gler oss til å visa fram namna når dei er klare på kabinane, seier administrerande direktør i Voss Resort, Øyvind Wæhle.

Les òg:

Stort engasjement

I alt har 510 personar stemt på dei 15 namna på fjella som juryen plukka ut før avrøystinga.

Det er dei ni namna med flest stemmer som no er valde ut, og som skal vera namna på kabinane.

Hordaland fekk inn 2412 stemmer i samband med avrøystinga på namna som skal på kabinane på Voss Gondol.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.