BUSSNyhende
Ordet fritt:

Nye takstsoner må gjelda alle kollektivreisande i Voss kommune

Frå 1. august vart det innført nye takstsoner til stor glede for dei fleste kollektivreisande i Hordaland. Dei nye takstane er ryddige og gjer det meir attraktivt å reisa kollektivt. Mange i fylket får eit betre tilbod, men langt frå alle, og då spesielt i distrikta.

AV
Publisert

Reduksjonen i pris gjeld berre rutene som Skyss køyrer sjølv. I vårt distrikt vert nokre ruter køyrd av eksterne aktørar som til dømes øst/vest ekspressen og Nettbuss. Dette medfører dessverre at mange reisande som bur langs E16 ikkje får nyta godt av billegare bussreiser. Mellom Voss og Bergen køyrer Skyss berre ei rute kvar dag, kvar veg.

For lokalreiser innan kommunen som bur vest for Bulken er tilbodet ikkje særleg mykje betre. Her er det to avgangar dagleg frå Vangen på skuledagar som Skyss køyrer, og berre ein avgang til Vangen. Busstidene er ikkje lagt opp for folk som er i arbeid, eller skal gjera ærend på dagtid.

Frå Bolstad kan ein reisa til Vangen kl. 20.45 og reisa heim att anten kl. 13.30 eller 15.50 (neste dag!). Det kan ikkje vera meininga at det skal vera slik?

Løysinga for at vossingane òg skal få nyta godt av takstreduksjonen, både innan kommunen og for å reisa til Bergen, kan vera at Skyss set opp fleire ruter sjølve. Eller kan dei inngå avtalar med dei buss-selskapa som køyrer rutene i dag. Då vil ein vera oppe i sju avgangar dagleg kvar veg.

I tillegg må ein få innlemma toget i det nye takst/sonesystemet. Det er eit paradoks at det mest miljøvenlege alternativet for kollektivreisande no er det dyraste. Fleirtalspartia på fylket (Ap, Sp, KrF, SV) fekk vedteke einingstakst for reisande mellom Bergen-Arna-Trengereid i 2015. Dette gjorde det mogleg å reise saumlaust med tog, buss og bybane i Bergen kommune.

Ut frå dei reisande sine behov, og ikkje minst ut frå miljøomsyn kan tida synest overmoden for å forlenga ordninga med einingstakst til Voss.

Utval for miljø og samferdsel, MISA, har møte onsdag 15. august, og der vil Arbeiderpartiet stilla spørsmål om Hordaland Fylkeskommune kan gå i dialog med dei eksterne bussaktørane for at distrikta også får eit fullgodt tilbod til kollektivreisande. Det vil òg stillast spørsmål om moglegheitene for å få til einingstakst etter modell Arna-Bergen for togreisande til Voss.

Helge Nævdal og Bjørg Djukastein, Voss Ap

Les også

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.