FLØRT PÅ VEGNyhende
Statsbudsjettet:

Neste sommar kjem det Flirt-tog til Vossebanen

Dei ti togsetta som går på Vossebanen i dag skal vera ferdig bytte ut med dei nye i februar 2019.

AV Sara Finne
Publisert

I 2018 skal i alt 14 nye togsett av typen Flirt setjast i trafikk på Vossebanen og Gjøvikbanen, kom det fram i statsbudsjettet som vart lagt fram torsdag. Vossebanen skal få ti nye togsett av typen «Flirt», og det fyrste togsettet vert levert i juni neste år. Men Gjøvikbanen er fyrst ut.

– På Gjøvikbanen er dei alt i gang med å innfasa Flirt-togsetta, dei starta no i september. Det er bestilt ti togsett til Gjøvikbanen og ti til Vossebanen. Når Gjøvikbanen har fått alle sine ti tog, byrjar innfasinga på Vossebanen. Det fyrste toget kjem i juni neste år, seier Henning Lirhus som er marknads- og kommunikasjonssjef i NSB.

Skal erstatta dei gamle toga

Det skal altså koma i alt 20 nye togsett på Gjøvikbanen og Vossebanen, men berre 14 av dei vert leverte neste år. Frå det fyrste togsettet vert levert på Vossebanen neste juni, skal det koma eitt nytt togsett i månaden til alle ti togsetta er på plass.

– Det siste nye togsettet på Vossebanen skal vera på plass i februar 2019, og planen er då at dei ti nye togsetta skal ha erstatta dei ti togsetta som går på strekninga i dag, seier Kjell Arthur Abrahamsen i Norske tog AS. Det er dei som skal levera toga.

– Kor sikre er desse tidspunkta?

– Me har i alt bestilt 90 slike tog, og alle har kome til rett dato. Så risikoen for at togsetta ikkje skal koma til planlagt tid, er minimal, seier han. 

Må forlenga plattformene

Saman med innfasinga av det nye togmateriellet skal det gjennomførast naudsynte tilpassingar i infrastrukturen, står det i budsjettet.

Regjeringa vil også setja av 154 millionar kroner til auka kapasitet for parkering for dei nye toga på Vossebanen, i tillegg til at det skal planleggjast plattformforlengingar på stasjonane for dei nye togsetta.

Togpengar til Bolstad

Regjeringa har føreslått å løyva om lag 23,1 milliardar kroner til jernbaneføremål på landsbasis i 2018. I tillegg til nye togsett, har regjeringa også sett av 320 millionar til å byggja kryssingsspor på Bolstadøyri og på Ler og Kvam på Dovrebanen.

Tiltaket på Bolstadøyri skal i fyrste rekkje bidra til å sikra kapasitet og driftsstabilitet for godstransporten på Bergensbanen. Kryssingssporet skal etter planen stå ferdig i 2019.

Pengar til Ringeriksbanen

Det er også sett av 576 millionar kroner til vidare planlegging av den nye InterCity-strekninga på Ringeriksbanen mellom Sandvika og Hønefoss, med sikte på mogleg anleggsstart i 2021/2022.

Ringeriksbanen vil gje ein time redusert reisetid mellom Bergen og Oslo på Bergensbanen, og førebels kostnadsoverslag for heile fellesprosjektet E16 Ringeriksbanen er på om lag 28,3 milliardar kroner.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.