I SVARTNyhende
Helgetankar:

#METOO og #torsdagerisvart

– Det er avgjerande for dei som blir undertrykte at nokon strekkjer ut ei hand for å stå i lag med dei, skriv Kjersti Brakestad Boge.

AV
Publisert
Oppdatert:

Evig eies kun et dårleg rykte, song Henning Kvitnes. Men kven er det som bestemmer kven som får eit dårleg rykte. Korleis er det med den unge, dyktige jenta som ynskjer å vera med på jobben og i samfunnet. Kven bestemmer at ho fekk eit dårleg rykte når ein eldre mann på avdelinga la seg etter henne? Mest sannsynleg får ho eit dårleg rykte same kva ho gjer, anten er ho vanskeleg eller laussluppen. Mange har gitt seg der og trekt seg unna når dei opplevde seksuell trakassering. Seksuell trakassering er ikkje sjekking, det er utnytting av unge menneske og ei nedvurdering av rollene deira, til noko seksuelt.

Å melda ifrå om urett er ikkje alltid lett. Det krev si kvinne eller mann å fortelja om seksuell trakassering eller krenking. Sjølve handlinga gjer at me kjenner oss små og uverdige. Me ynskjer ikkje at slike ubehagelege opplevingar skal definera oss eller gje oss eit dårleg rykte. Mange står aldri fram, og det som vert fortalt er mest sannsynleg berre ein liten del av sanninga. Det er utruleg godt at så mange har våga å seia ifrå no. Sanninga viser for alle kva som var rett og gale, kven som var ugjerningsmann og kven som var offer. Det er godt å plassera skuld der ho høyrer heime. Sanninga set oss fri.

På Jesu tid, stod det fram ein mann i øydemarka, Johannes, heitte han. Han refsa både høg og låg, også for seksuelle synder. Omvend dykk, sa han. Mange kom ut i øydemarka og let seg døypa av han, til omvending og eit nytt liv. Til slutt vart det for mykje for Herodes, då Johannes kritiserte han for at han hadde gifta seg med svigerinna si.

Jesus såg heller ikkje mildt på maktmisbruk. Ein gong kom dei med ei kvinne som hadde drive hor og dei ville steina henne. Jesus stoppa steininga, då han sa at den som var utan synd, kunne kasta den fyrste steinen. Slik plasserte Jesus skulda hjå dei som med si seksuelle lyst hadde vore med på å gjera jenta til ei hore. Jesus reiste henne opp til eit nytt liv. Jesus talte til fleire kvinner med slikt dårleg rykte. Han reiste dei opp til nye og frigjorte liv.

Biskop Helga Byfuglien har oppmoda til aksjonen #torsdagerisvart. Den vart starta av Kirkenes verdensråd og heiter #thursdaysinblack. Det er ein aksjon mot vald og overgrep i solidaritet med dei som er offer. Me er mange i kyrkja som kler oss i svart på torsdagar. Me ynskjer å stå opp mot trakassering, vald og overgrep. Me ynskjer å vera med og reisa opp dei undertrykte og trakasserte til eit nytt liv.

Jesus kom inn i vår verd, med rettferd og kjærleik, tilgjeving og oppreising for fattige, undertrykte, sørgjande og svake. I dåpen startar eit nytt og frigjort liv, også for meg og deg. Røysta som lydde frå himmelen: Du er Son min, som eg elskar, lyder også til oss: Du er barnet mitt, som eg elskar! Jesus reiser oss opp til eit nytt liv. Guds kjærleik er ei levande og frigjerande kraft for alle som treng oppreising.

Det er avgjerande for dei som blir undertrykte at nokon strekkjer ut ei hand for å stå i lag med dei. Det er avgjerande at me ikkje teier, men held fram at sanninga er ei frigjerande kraft også i dag, også for meg og deg. Saman kan me vera med og gjera ein forskjell for kvarandre. Velkomen til kyrkja på sundag.

Kjersti Brakestad Boge, sokneprest på Voss

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.