LET VENTA PÅ SEGNyhende
Ulrikstunnelen stengd:

– Me jobbar med å retta feilen

Ulrikstunnelen mellom Arna og Bergen har vore stengt for togtrafikk i dag. Bane Nor satsar på å opna i ettermiddag.

AV Siri Flatlandsmo
Publisert
Oppdatert:

Like før klokka sju torsdag morgon, tok det fyr i taket på Ulrikstunellen mellom Bergen og Arna

Tunellen har vore stengt sidan brannen, og store forseinkingar har fått konsekvensar for hundrevis av passasjerar.

– Me jobbar med å retta feilen, seier pressevakt i Bane Nor, Randi Folke-Olsen.

Meir informasjon klokka 17

Det var taket som tok fyr, like innafor tunellmunnninga på Arna-sida i morgontimane.

–  Dette tek litt lenger tid enn me hadde trudd. Det kjem ein ny prognose klokkka 16.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.