ULUKKENyhende

Mann til sjukehus etter speedflyer-ulukke i Myrkdalen

Mann i 20-åra har fått smerter i rygg.

AV Stine Strand Carlsen
Publisert
Oppdatert:

Klokka 17.34 laurdag fekk Vest politidistrikt melding om ei speedflyerulukke i Myrkdalen.

– Ein mann i 20-åra skal ha treft ein stein i det han skulle ta av. Han har smerter i ryggen, skriv politiet på Twitter.

Full utrykking

Det var full utrykking til ulukka, og mannen vart undersøkt av helsepersonell på staden. Også luftambulanse rykte ut til ulukka.

Ulukka skal ha skjedd i nærleiken av Kari Traa-trekket.

Ikkje fleire skadar

– Det skal ikkje vera ytterlegare skadar enn smerter i ryggen etter sammenstøyten med bakken, skriv politiet på Twitter.

Årsaka til ulukka er ukjend.

Mannen er no frakta til Haukeland sjukehus.

– Det blir ikkje oppretta sak på forholdet, melder politiet.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.