STRAUMNyhende
Ordet fritt:

Lurt opp i stry

Eg steila då eg las på tekst-TV at straumprisen må bli høgare og at grunnen til taksthevinga var at prisen på gass og kol hadde blitt høgare, samt dyrare klimakvotar.

AV
Publisert

Millionar av nordmenn har blitt lurt ved at kvar gong me har tent ein lampe har det blitt gjort i god tru på at me nyttar berre fornybar klimavennleg energi.

Men der blir me grundig lurte av Statkraft, som eksporterer fornybar klimavennlig elkraft, og importerer urein kraft som er produsert ved hjelp av fossile energikjelder som gass og kol, og dette svineriet vert sendt ut på straummnettet til høg pristakst.

Mi meining om kjøp og sal av klimakvotar, har mykje til felles med eventyret om keisarens nye klede.

Ein stat som har veldig mykje penger, kan kjøpa opp masse billege klimakvotar, av statar som treng pengar, og så utlysa at transportfirma og sentrale fyringsanlegg kan fritt bruka billeg tungolje, dette for å nytta seg av dei innkjøpte klimakvotane.

Eg lever i den tru at om det for eksempel blir slept ut 100 tonn CO2 i Tokyo, eller om den samme mengda vert frigjort på Nordkapp, vil det utgjera dei samme globale klimaskadane.

Difor meiner eg at kjøp og sal av klimakvotar berre er eit spel for galleriet.

Olav Engeland

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.