ORDET FRITTNyhende
Ordet fritt:

Kven sine interesser skal ein jobba for?

Vertsparet på Fleischer’s Hotel hadde stroke til eksamen på diplomat­skulen. Å vera verre advokat for eigne interesser enn det desse to har vore, er vanskeleg å tenkja seg.

AV
Publisert

Nokon og ein kvar har vel tenkt at dei får berre ha det så godt, men ansvarlege politikarar på Voss kan ikkje la seg prega av slike tankar. Hotellet har ei 129 år gamal soge. Det har vore eit flaggskip innan reiselivet i generasjonar. Det er i reiselivsbygda Voss sine ­interesser at Fleischer’s får ein så god tilkomst som råd.

Det nye kjøkkenbygget har sett dei i ein tvangssituasjon, og no stenger ei busslomme for god tilkomst til den nye resepsjonen. Denne busslomma skal vera for charterbussar.

Denne busstrafikken er i stor grad knytt opp mot den mest bisarre delen av reiselivet, nemleg cruiseturismen. Det som kjenneteiknar denne turismen er at han i liten grad overrislar lokalsamfunna, og ureinar ­fjordane våre.

Me brukar millionar av ­offentlege kroner på å leggja til rette for ein del av reiselivet som stort sett misbrukar landet vårt. Det er det store paradokset.

Set ein bom ved austenden av busslomma og la turistane betala 50,- kr p.p. for å stiga av bussen. Det ville ha gjeve 2500,- kr pr. busslast.

Med eit slikt tiltak ville trongen for busslomme avteke stort og Fleischer’s kunne fått arealet dei treng.

Lars Mossefinn, Voss Ap

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.