DYRTNyhende
Ordet fritt:

Kostnader aukar medan tida går

Eg trur nok Vidar Skeie kan få rett i at det kan vara heilt til 2024 før det «enkle» tunellprosjektet gjennom Ulriken kan vera ferdig, å koma i kø bak Bybanen i Bergen er for meiningslaust.

AV
Publisert

Men dette veit vossingar alt om, moderniseringa av Voss stasjon skulle gjerast fort og billig, og vart noko heilt anna både i tid og kostnadar, og det viser seg no at nesten heile Bergen stasjon måtte ordnast på ny. Eg er som Vidar Skeie oppgjeven over at rikspolitikarane valde den dyraste, trongaste og mest konfliktfylte «korridoren» dei kunne finna for jernbanestrekningane på Austlandet, men milliardrullingane var ikkje noko austlendingane bestemte åleine. Så mange har dei ikkje på tinget. Det var rikspolitikarane, og eg lurer på om det ikkje vart ein hestehandel mellom bana på Austlandet og kyststamvegen på Vestlandet. Slikt har hendt før. Om det var å avlasta Oslo, hadde dei mykje meir att for pengane ved å byggja Ringeriksbana mot Hønefoss og Kongsvingerbana mot svenskegrensa – då hadde dei fått rikeleg med godt byggjeland innanfor same pendlingstida som Voss alt i dag har til Bergen. Eg unner sjølvsagt Indre Hordaland å få både superbane og superveg mellom Bergen og Voss. Men då ventar eg på at lokale politikarar syter for å lokka bergensarane til å venda augo mot aust, ikkje berre til dei kystkommunane som på få år når 100.000 innbyggjarar.

Men tida går og pengane flyt i mange andre retningar, berre her på Bolstad skal me forlenga eit kryssingsspor, prislappen vert (førebels) ein kvart milliard, og «Hordaland» fortel at no skal alle stasjonar byggjast ut med millionar til bruer som skal gje vanlege folk og rullestolbrukarar trygg tilkomst til spor 2. Det er ikkje lenger enn at ein kan greia det i eit hopp utan tilsprang!

Kjartan Rødland

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.